Oppslagsform Lokalitetstype Kommune Fylke Tolking Førsteledd Sisteledd Kjeldeform Datering Kjelde Uttale Inneholder Er lik med Starter med Slutter med Er tom Og Eller Oppslagsform Lokalitetstype Kommune Fylke Tolking Førsteledd Sisteledd Kjeldeform Datering Kjelde Uttale Inneholder Er lik med Starter med Slutter med Er tom http://norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=7d1e581ac81541399df4255abb6681bbSøkingen gav 1 treff Telemark. [te:2lemark] Telemark [te:2lemark] fylke, landskap i norr. tid. Norr. Þelamǫrk, sms. av folkenamnet þilir ‘teler’ i gen. fleirt. og mǫrk f ‘mark, skog’ → mark. Folkenamnet þilir er ikkje sikkert tolka. Det kan ha samanheng mednorr. þel n ‘grunn, botn’ eller med þeli m ‘tele’. Ei heilt anna tolking av førsteleddet har M. Tveitane (i NN 1985 s. 112). Som ei «svært djerv gissing» tenkjer han seg at det kan vere Þela- av eit gammalt sjønamn *Þeli, eldre namn på Seljordsvatnet. Om bruken av mǫrk i namn på gamle utkant-landskap → Hedmark. T. var enno i kristen mellomalder berre lausare knytt til den norske staten. Namnet T. var da berre brukt om dei øvre eller indre bygdene av det som no er T. fylke (jf. → Grenland). T. vart i 1919 teke opp att som namn på det tidlegare Bratsberg amt. §§§Litt.: H. H. Holta i Historielaget for Telemark og Grenland 1919 (Skien 1919) s. 48-54 med tilvisingar. JS¤ Førsteledd: Sisteledd: