Prep på. Norr. *Hornbora f, jf. Hornborusund i sogelitteraturen. Namnet finst fleire stader. «Hornbora» (akk.) i Sverre-soga er garden Hambora (norr. Hornbori m) i Agdenes, S-Trl. Elvenamnet Hornborgaån i Sverige blir òg sett til *Hornbora (jfr. SOL 2003 s. 130 under Hornborga og NE s. 108).
Namnet er omdiskutert, men førsteleddet må vere horn brukt overført om noko som stikk opp eller ut. Etter S. Bugge er *Hornbora, frå først namn på Homborøya, sms. av horn som fjellnemning og norr. bora f ‘hol’ (NG VIII s. 138). Bora kan også vere avleidd av vb. bera. Lokalkjende peiker på at terrenget er relativt flatt, og at horn kanskje heller viser til eit utstikkande nes. I. Lundahl tolkar det svenske elvenamnet som ‘den hornberande’, dvs. «ån som har hörn, krökning(ar)». Ei slik tolking, 'den som har horn', er mogleg her òg.
Som førsteledd finst namnet fleire stader, t.d. Hombornes [om`boṛṇe:sę] i Sømna, Nordl, Hommervoll i Rennesøy, Rog, Homborstad i Eid, SogFj og Hommerstad i Løten og Stange, Hedm. Ein del av desse (særleg dei på -stad) kan innehalde Hornbori, eit norr. (dverg- og) mannsnamn.
Litt.: A. Janzén i NoB 1935 s. 14-15, J. Sahlgren i NoB 1935 s. 49-55. Navn i Eide, utg. av Eide Sognelag 1991, s. 10-11. G. Widmark i NoB 1961 s. 159-71 (m. litt.tilvising).