Ljabru. Oslo. Oslo. Liarnabru 1311 [ja:1bru:] Ljabru [ja:1bru:] gard og jb.st. i Oslo. «Liarnabru» 1311 → Ljan.¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Ljan, kyrkjestad, haldeplass. Oslo. Oslo. vider Liodn ca. 1400 RB s. 261 uttan Lioon ca. 1400 RB s. 261 [ja:n] Dette gardsnamnet kjem av det eldgamle namnet på Ljanselva. Formene vider Liodn og uttan Lioon ca. 1400 representerer norr. akk. *Ljórn, mens gen. *Ljárnar er kjend frå gardsnamnet Ljarnabrú ca. 1420, dagens Ljabru (sjå NG II s. 119). Sekvensane *jó og *já er oppståtte ved aksentomkasting av *éu og *éa, slik at *Ljórn kjem av eldre *Léurn og *Ljárnar av *Léarnar. Ljanselva renn eit langt stykke gjennom ei djup kløft med til dels stupbratte sider. Verbalrøter med tydingar som ‘skjera, kutta osv.’ inngår ofte i namn på kløfter og juv, t.d. norr. skarð n. ‘kløft, skar’ til skera ‘skjera’. Den aktuelle rota her er germ. *lew- ‘skjera’ i m.a. n‑stomnen germ. *lewan- m. ‘ljå’ som vi ser i norr. lé, oblik ljá. Den urnordiske forma til dette elvenamnet var *Lewarnu f. ‘den som renn i eit skar’ > yngre *Léarnu > *Léǫrn > *Léurn > *Ljórn. Elvenamnet vart så overført på garden Ljan.
Vi kan ikkje rekne med norr. former *Ljǫrn, gen. *Ljarnar med jǫ og ja oppståtte av urn. *e ved u‑ og a‑bryting slik O. Rygh meinte (NG II s. 119), sidan slik bryting ikkje fann stad etter v, r og l.
Litt.: H. Bjorvand i NoB 2005 s. 45-47. HB
Førsteledd: Sisteledd: til ei germ. rot *lew- ‘skjera’
|
Siljan. [sil2jan] Siljan [sil2jan] komm i Tel, til 1917 kalla → Slemdal. S. er det gamle namnet på prestegarden. Gardsnamnet S. finst fleire stader i Tel. O. Skulerud (tilvising i NG) tolkar desse namna som fleirt. av sil n ‘stiltflytande del av elv eller bekk’. Prestegarden i S. ligg ved hovudelva gjennom dalen. O. Rygh (NG VII s. 78) meiner opphavet er norr. *Seljar, fleirt. av *seli m ‘seljeskog’, eller *Seljur, fleirt. av trenemnet selja f.¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Skjeljanger. Askøy. Hordaland. a Skæliungi (dat.) ca. 1360 [sjæl2jång] Skjeljanger NG [sjæl2jång] gard, po. og tlf. i Askøy komm, Hord. Prep på. «a Skæliungi» (dat.) ca. 1360. Norr. Skeljungr, som M. Olsen (NG XI s. 380) meiner kan vera norr. skeljungr m, ein slags kval. Dette ordet kan vera brukt jamførande om «den brede og temmelig høie Halvø, som danner det nordligste Parti af Holsnøen».¤ Førsteledd: Sisteledd:
|