Bokn, kommune. Bokn. Rogaland. [bok1k4n] Kommune og øynamn (Austre og Vestre B.). I sms. Bokna-, innb. boknar m.
Namnet B., som òg finst i Finnøy kommune, er ikkje sikkert tolka. Ivar Modéer har knytt B. til trenemnet bok f = bøk m, f, men dette er ikkje rimeleg. Heller ikkje Hj. Lindroths framlegg (i Fornvännen 1914 s. 154) om samanheng med det sv. dialektordet boka ‘støyte, slå’, med bakgrunn i bølgjebrotet, synest rimeleg. Sophus Bugge set B. til gammalt germansk ordfang med tydinga ‘teikn, merke’. Dette høver godt for Vestre Bokn (294 m høg), som er eit gammalt lei- og médmerke, vidt synleg. Av hanseatar og andre utanlandske sjøfolk vart denne øya kalla Buck van See i motsetnad til Buck van Raa (= red), øya Bukken i Sund komm, Hord.
Litt.: S. Bugge i ANF 1904 s. 342-45. Hovda 1961 s. 248. Modéer 1936 s. 121. I. Særheim i Frá haug ok heiðni 3, 1996 s. 37-39. KA, IS. Førsteledd: Sisteledd:
|
Bokn, øy. Finnøy. Rogaland. [bok1k4n] Førsteledd: Sisteledd:
|