Gran, kommune. Gran. Oppland. [gra:n] Eigentleg gard (prestegarden), deretter ført over på sokna, Granar sokn i mellomalderen. Innb. gransokning. Norr. Grǫn f, trenemnet gran brukt direkte som gardsnamn. Dette finst mange stader i landet. Opphavet er vel i dei fleste høve eitt einskilt grantre på staden. Førsteledd:
|
Grana, elv. Rennebu. Trøndelag. [gra:1na] [grø:2na] Eitt av hovudtillaupa, frå Nerskogen i sør, blir kalla Grøna [grø:`na]. Grana er laga til trenemnet gran f, sikkert fordi det har vakse (relativt) mykje gran kring elva. Grøna kan nok vera ei eldre avvikande dialektform for gran (sjå Aasen, Gran), i så fall utdøydd her no, men kan også vera laga til grøn adj. Ved utlaupet av G. ligg → Grindal. Dette namnet må språkleg hange i hop med G. JS Førsteledd:
|
Granaelva, elv. Snåase - Snåsa. Trøndelag. [gråo2naæqva] (Ofte rangskrive «Grana»), hovudelva i Snåsa. Må ha namn etter → Gran [gråon], garden ved utlaupet av elva. JS. Førsteledd: Gran (gardsnamn)
|
Grananutane, fjell. Ullensvang. Hordaland. [gra:2nanu:tane] Fjell (1613 m) i Ullensvang komm, Hord. Tyder kanskje ‘dei spisse, høgtragande nutane’. Førsteleddet hører da til den germanske rota *gra- ‘vera spiss’. Til same rot hører trenemnet gran, som ikkje høver her i høgfjellet. Om nut m ‘bergtopp’ → Dyranut. Førsteledd:
|
Grande, bygdelag. Ørland. Trøndelag. [gran9n9] Til norr. grandi m ‘grande, sandbanke’. Gardsnamnet Grande finst seks stader i Trøndelag og tre stader på Austlandet, dessutan i Sunnylven komm, MogR. Grande-gardane er store, sentrale og sikkert svært gamle. Førsteledd:
|
Grane, kommune. Grane. Nordland. Grane 1661 [gra:2ne] Prep på, innb. graneværing. Oppr. gard. Gardsnamnet må vera laga til trenemnet gran f, men forma gjer det rimeleg, som NG, å rekne med oppkalling. Her er mykje granskog. Førsteledd: Sisteledd: til trenemnet gran
|
Gransherad, bygdelag. Notodden. Telemark. [grans1ørrå] [grans1hæra] (norm.) Innb. granshering. Norr. Grandalsherað (i skrift 7 gonger i åra 1369-1434) og Grandássherað (1445 og seinare). Den siste forma kunne vera sms. med gardsnamnet Grandås, men er kanskje ei lydutvikling av den første (NG XII s. 287). Ein stad Grandalr (gard, bygd eller dalføre?) er nemnd i 1458. Sisteledd norr. herað n ‘herad, bygd’. Jf. → Herad. Førsteledd: Grandal (stadnamn)? Sisteledd: herad
|
Grantevet, grend. Tolga. Hedmark. [gra:n2tæve] Nils Hallan påviser eit namneelement tev, som finst i Nord-Østerdalen, Innherad, Sverige og på Orknøyane. Leddet skal tyde ‘tett skog, helst i blautlende’. Opphavet må vera eit bortkomme norr. *þef n, som kan ha samanheng med þófi m, ‘filt’.
Litt.: T. Nesset (Austl.mål s. 140). N. Hallan i Talatrosten 1983 s. 12-18. BS Sisteledd: tev 'tett skog, helst i blautlende’
|
Granvin, kommune. Granvin. Hordaland. [grå:2ve] [gra:n2vin] (norm.) Prep i, innb. soknar, nyare gravensar. Norr. Grǫnvin, gard og sokn, sms. av trenemnet gran og → vin ‘naturleg eng’. K. Fægri (Univ. i Bergen Årbok 1949, Nat.-vit. rekke nr. 1 s. 19-22) tenkjer seg at ein eldre gard *Vin(jar) har vorte delt i Granvin og Hollven. Eit eldre bygdenamn var → Angr. Jf. → Grini.
|
Hangran, gard. Trondheim. Trøndelag. af Hangrom ca. 1430 af Ǫngrum Heimskringla Hangrar kirkja 1300-talet [haM2ran9] Gardar, kyrkjestad i mellomalderen. I Heimskringla er namnet skrive «af Ǫngrum», som fører til norr. *Angrar, fleirt. av → angr m ‘vik, fjord’. Men både dei seinare formene og naturtilhøva tyder på at denne forma er feil og at ein i staden skal rekne med norr. Hangr-, som kanskje helst er opphavleg fjellnamn, knytt til den tverrbratte åsen som no blir kalla Hangerhøgda. Eit norr. fjellnamn *Hangr m måtte vera laga til verbet hanga → Hangur. Notidsforma Hangran er b. fleirt. JS Førsteledd: Sisteledd: til hanga vb
|