Oppslagsform Lokalitetstype Kommune Fylke Tolking Førsteledd Sisteledd Kjeldeform Datering Kjelde Uttale Inneholder Er lik med Starter med Slutter med Er tom Og Eller Oppslagsform Lokalitetstype Kommune Fylke Tolking Førsteledd Sisteledd Kjeldeform Datering Kjelde Uttale Inneholder Er lik med Starter med Slutter med Er tom http://norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=18d7c2dbcfb747caa073623c20f05e36Søkingen gav 1 treff Grenland†, område. Greland 1300/1400-talet Græland 1300/1400-talet Grenland I kongesogene skrive Grøland 1300/1400-talet I mellomalderen brukt om Nedre Telemark, landet kring → Grenmar (Langesundsfjorden), Skienselva og Norsjø. I kongesogene skrive «Grenland», i diplom frå 1300- og 1400-talet «Greland», «Græland», «Grøland». Har namn etter folkeslaget grener, skrive «grannii» hos Jordanes kring 550. Folkenamnet er ikkje sikkert tolka. Sisteleddet i G. er → land, som i slike namn truleg fortel om laust organiserte «folkland» i førhistorisk tid (→ Hadeland, Hordaland, Hålogaland, Rogaland). Namnet har hatt ein renessanse i nyare tid. Litt.: Fritzner, Ordbog (grænland 2), Munch 1849 s. 180-81, Rygh 1896 s. 34-35. JS Førsteledd: grener (folkenamn) Sisteledd: land