Oppslagsform Lokalitetstype Kommune Fylke Tolking Førsteledd Sisteledd Kjeldeform Datering Kjelde Uttale Inneholder Er lik med Starter med Slutter med Er tom Og Eller Oppslagsform Lokalitetstype Kommune Fylke Tolking Førsteledd Sisteledd Kjeldeform Datering Kjelde Uttale Inneholder Er lik med Starter med Slutter med Er tom http://norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=1bdb300391ff4f97af56805bd8b1328dSøkingen gav 2 treff Gjernestangen, nes. Risør. Aust-Agder. [jæ:r2nestaMMen] Nes i Risør kommune, kjend i historisk-geografisk litteratur som austgrensa for → Agder. Vanlegvis er staden identifisert med → Rygjarbit, men etter Gustav Indrebø (NoB 1932 s. 149) utan sætande prov. Til grunn ligg gardsnamnet Gjernes, etter NG av norr. *Geiranes, kanskje av geirr m ‘spjut’, om dei spisse nesa som halvøya delar seg i. (Annleis Vågslid 1963 s. 70.) Sisteleddet tange m ‘spiss odde’. OBS Førsteledd: Gjernes (gardsnamn) Sisteledd: tange Stange. a Støngum Soga om Håkon Håkonsson a Stangum 1334 a Støngum Soga om Håkon Håkonsson a Stangum 1346 Stanga sokn [staM2Me] Stange [staM2Me] komm i Hedm. Prep på, innb. stangesokning. Opphavleg namn på prestegarden. I mellomalderen heitte bygda → Skaun. «a Støngum» (Soga om Håkon Håkonsson), «a Stangum» 1334, 1346. «Stanga sokn» (fleire gonger). Norr. nom. *Stangir, fleirt. av stǫng f ‘stong’. Den reale bakgrunnen for namnet er uviss. Jf. → Stangaland og → Stongfjorden.¤ Førsteledd: Sisteledd: