a Sola ca. 1270
Prep på, og i om komm, innb. solabu. Opphavleg gardsnamn, eit kjent hovdingsete i vikingtida, norr. Sóli m. Den moderne forma representerer norrøn dativ Sóla. Namnet er utan tvil av svært høg alder, og er ikkje sikkert tolka. Det har saman med ein del andre namn på Jæren vore oppfatta som førnordisk eller også som førgermansk.
Den gamle Sola-garden og mellomalderkyrkja ligg på eit lite høgdedrag. Med utgangspunkt i topografiske tilhøve foreslår Magnus Olsen at «Gaarden har Navn efter sin Beliggenhed paa den ovenfor omtalte rundagtige Høining» (for fleire framlegg, sjå NG X s. 185). H. Bjorvand (2005) peiker på at Olsens forslag om ein stamme *swulhan- m. > urnordisk *solhan med tydinga ‘høgde(drag)’ er ukjend i germanske språk. Den enklaste grunnforma til norr. Sóli er ein n‑stomn germansk *sōlan- m. Dette kunne vera ō‑steg til norr. salr m. ‘hus, rom’, selja ‘gi, selja’ eller sæll ‘lykkeleg, rik’. Når dei to første ikkje finst i noko germansk språk, kan ein ikkje rekna med dei i namnet, sjølv om tydingar som ‘husvære, bustad’ eller ‘offerplass’ kunne vere tiltalande. For det tredje finst ō‑steget i komparativen germansk *sōlizan- i gammalengelsk sø̄lre ‘betre’. *Sōlan- brukt om eit dyrkingsareal, eit gardsbruk, kunne då ha ei tyding ‘godt eigna (dyrkings)område’. Dersom germansk *sēl‑, *sōl- i siste instans høyrer etymologisk saman med rota germansk *sē‑, *sō- ‘så’ (verb), kan *sōlan- på den tida jorda blei dyrka opp (truleg før Kristi fødsel), ha hatt tydinga ‘(til)såing’, ‘tilsådd land’, sjå vidare Bjorvand 2005 s. 40– 41.
Litteratur: H. Bjorvand i NoB 2005 s. 37–43. HB