Oppslagsform Lokalitetstype Kommune Fylke Tolking Førsteledd Sisteledd Kjeldeform Datering Kjelde Uttale Inneholder Er lik med Starter med Slutter med Er tom Og Eller Oppslagsform Lokalitetstype Kommune Fylke Tolking Førsteledd Sisteledd Kjeldeform Datering Kjelde Uttale Inneholder Er lik med Starter med Slutter med Er tom http://norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=40712221e38043219186df26cc0e1605Søkingen gav 1 treff Lurøy. [lu:r2øya] Lurøy [lu:r2øya] øy i Nordl. Innb. lurøyværing. Norr. Lúðrøy, der førsteleddet er norr. lúðr m ‘uthola stokk (kiste), kvernbenk, blåseinstrument’. Ordet finst som fjellnamn og namn på langvorne høgder, og har gjennom desse vorte nokså vanleg som gards- og plassnamn, både sms. og usms. «Formen på fjellene osv. lar en formode at det i mange tilfelle er assosiasjon med en møllebenk, som har gitt opphav til navnet» (MM 1952). Førsteleddet i L. kjem frå det ca. 700 m høge Lurei- el. Lurifjellet (til dels kalla Luren), som fyller ein stor del av øya. H. Christiansen (MM 1946) trur helst fjellet er samanlikna med lúðr ‘kiste’. → Luranuten. Som namn på skjer og båar har vel Luren opphav i hørsleinntrykk, same opphav har kan hende fossenamnet Lurfoss.§§§Litt.: H. Christiansen i MM 1946 s. 62-63 og 1952 s. 113-14. P. Hovda i NoB 1962 s. 176. F. Myrvang i Lurøyboka 1994-95 s. 108. KA¤ Førsteledd: Sisteledd: