Mjær, innsjø. Enebakk. Akershus. Miær ca. 1400 Mier ca. 1590 [mjæ:r] Den eldste kjende forma av namnet er vider Miær (akkusativ, ca. 1400). Det er truleg ei laging til germ. *mers‑/*murs- ‘knusa’ som også ligg føre i elvenamnet norr. *Mors → Moss, og sjønamnet norr. Mjǫrs → Mjøsa. Det som ‘er knust’ er grus og stein, og ein kan med Eva Nyman 2006 (s. 143) gå ut frå at det nokså sikkert er grusmorenen ved elveutlaupet frå sjøen som er namnemotivet. Namnet Mjær kan altså tyda ‘sjøen med gruset utlaup’.
Forma Miær representerer trulig ei eldre form med lang rr *Mjarr m., som kjem av urn. *merʀa (med m.a. *rʀ > *rr og *e > *ja ved a‑bryting). Denne er refleks av germ. *merzá- , ei regelrett vekselform til *mers- med *z < *s. Nyman vil derimot føra Mjær tilbake på ei norrøn form med stutt r, dvs. akk. *Mjar, av urn. *mera som skal vera ei laging direkte til rota *mer- ‘knusa’ i *mers- ovanfor. Mot dette talar at a‑bryting av urn. *e > norr. ja berre fann stad i lang rotstaving.
Litteratur: H. Bjorvand i NoB 96, 2008 s. 61–65. E. Nyman i Namn och runor. Uppsalastudier i onomastik och runologi till Lennart Elmevik på 70‑årsdagen 2 februari 2006. Red. av Lena Peterson, Svante Strandberg & Henrik Williams. Uppsala. s. 131–146. HB
Førsteledd: Sisteledd:
|
Moss. vid Mos ca. 1400 [måss] Moss [måss] komm i Østf. Prep på, innb. mossing. «vid Mos» ca. 1400. Norr. *Mors, opphavleg namn på både Mosseelva (nedafor Vannsjø) og den noverande Hobølelva (ovafor Vannsjø). Laga til ei rot *mer- ‘dele, splitte’ → Mjær. Sms. med det gamle elvenamnet er også Mossedal, «i Morsadale» 1327, eit eldre namn på Hobøl herad. Innb. «morsdælir» ca. 1210. Mossedal heldt seg som administrativt namn til på 1600-talet.¤ Førsteledd: Sisteledd:
|