Oppslagsform Lokalitetstype Kommune Fylke Tolking Førsteledd Sisteledd Kjeldeform Datering Kjelde Uttale Inneholder Er lik med Starter med Slutter med Er tom Og Eller Oppslagsform Lokalitetstype Kommune Fylke Tolking Førsteledd Sisteledd Kjeldeform Datering Kjelde Uttale Inneholder Er lik med Starter med Slutter med Er tom http://norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=46dc2779eb3b4670865093e744354f78Søkingen gav 1 treff Gimsøya, øy. Vågan. Nordland. or Gimisto 1430 [jøms2øya] Øy og kyrkje (Gimsøy). Norr. Gimista f, eit gammalt øynamn som ikkje er sikkert tolka. Mest truleg er det kanskje at det er laga med avleiingsendinga -ist og at stomnen er skyld med den ein har i → Gimsan. H. Christiansen (MM 1933 s. 61-62) har gissa på at namnet går tilbake på eldre *Gimvista, der førsteleddet er skyld med norr. gymbr f ‘gimber, ungsau’, sisteleddet norr. vist f ‘stad der ein oppheld seg’ (→ Vist), altså ‘sauøya’. Nils Hallan har (i Norsk Lingvistisk Tidsskrift 2/1987 s. 61) tenkt seg ei norr. opphavsform *gimi-visti med tydinga ‘vinterstaden, vinterlandet’ (gimi til urgerm *gim- ‘vinter’, jf. latin hiems.) JS Førsteledd: Sisteledd: øy