Grana, elv. Rennebu. Trøndelag. [gra:1na] [grø:2na] Eitt av hovudtillaupa, frå Nerskogen i sør, blir kalla Grøna [grø:`na]. Grana er laga til trenemnet gran f, sikkert fordi det har vakse (relativt) mykje gran kring elva. Grøna kan nok vera ei eldre avvikande dialektform for gran (sjå Aasen, Gran), i så fall utdøydd her no, men kan også vera laga til grøn adj. Ved utlaupet av G. ligg → Grindal. Dette namnet må språkleg hange i hop med G. JS Førsteledd:
|
Granaelva, elv. Snåase - Snåsa. Trøndelag. [gråo2naæqva] (Ofte rangskrive «Grana»), hovudelva i Snåsa. Må ha namn etter → Gran [gråon], garden ved utlaupet av elva. JS. Førsteledd: Gran (gardsnamn)
|
Grananutane, fjell. Ullensvang. Hordaland. [gra:2nanu:tane] Fjell (1613 m) i Ullensvang komm, Hord. Tyder kanskje ‘dei spisse, høgtragande nutane’. Førsteleddet hører da til den germanske rota *gra- ‘vera spiss’. Til same rot hører trenemnet gran, som ikkje høver her i høgfjellet. Om nut m ‘bergtopp’ → Dyranut. Førsteledd:
|
Naranašraš¡ša. Kvænangen. Troms - Romsa. Naranašraš¡ša (sam.) fjell i Kvænangen komm, Troms. Av náranaš ‘svulst, kveise’ og ráš¡ša ‘høgfjell utan vegetasjon’. TF¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Nord-Rana. Rana. Nordland. Nord-Rana pr.gj. (herad til 1964) i Rana komm, Nordl → Rana. ¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Rana. Rana. Nordland. [ra:1na] [ra:1na] Rana§§§1. [ra:1na] komm i Nordl. Innb. ranværing. Norr. Raðund. Har i seinare tid vore brukt om fjorden (Ranfjorden) og landskapet kring fjorden, men må eigentleg ha vore namn på hovudelva gjennom Mo i R., Ranaelva. Rygh set elvenamnet Raðund til norr. (h)raðr adj ‘snøgg’. Formelt svarar Raðund nøye til det tyske elvenamnet Radantia, no Rednitz, og H. Krahe vil sjå desse namna som gamle -nt-avleiingar til indoeuropeisk *rodhos ‘elvelaup’. Samanfallet kan likevel vera tilfeldig.§§§2. [ra:1na] elv i Leirfjord komm, Nordl, på sørsida av Ranfjorden. Må vera same namnet som R. 1.§§§Litt.: H. Krahe 1953. NE s. 185. JS¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Rana. Leirfjord. Nordland. [ra:1na] 2. [ra:1na] elv i Leirfjord komm, Nordl, på sørsida av Ranfjorden. Må vera same namnet som R. 1.§§§Litt.: H. Krahe 1953. NE s. 185. JS¤ Førsteledd: Sisteledd:
|