Alta, kommune, by. Alta. Finnmark - Finnmárku. [al99¡t9a] [al1ta] (norm.) Bystatus 1999. Prep i, innb. altaværing. Alta tolkast tradisjonelt som ei avleiing til norr. alpt f ‘svane’, frå først truleg namn på Altafjorden (norr. *Alpti). Sam. Álaheadju, Álahadju el. Álahádju. Álaheadju kan komme av eldre *Álapteajju, frå norr. dat. *alpteyjo. Det viser truleg til ein plass (marknadsplass?) ved utlaupet av Altaelva med namnet *Alpt-øy (-øy ‘lågland ved vatn’). Jf. Schnitler 1742 (I) s. 223 Alatei-jok om elva; Leem 1756 Alateigjo (om fjorden).
Mange andre namn som inneheld norr. → alpt o.l., har sikkert opphav i eldre elvenamn → Elta. Ordet hadde sideformene ǫlpt f og elptr f. Som førsteledd i stadnamn har desse orda no fått skiftande former Alp-, Alt-, Art-, Eft-, Ept-, Ert-, Ett-, Oft-, Olt-, Ort-, Øft-, Økt- og Ørt-. Somme av dei kan i visse høve ha anna opphav.
Ei sjølvstendig samisk utvikling av førsteleddet kan òg vere mogleg frå *álte-eajju, jf. jf. Altevárri, (h)alte 'offerplass', der *ala-t-eajju kan vere ei hyperkorrekt form som har gitt Álateadju, > Álaheadju.
KA og TF, OHM Førsteledd: norr. alpt 'svane'? eller sam. (h)alte 'offerplass'? Sisteledd:
|
Elta, elv. Trysil. Hedmark. [æ¤2Ta] Renn forbi Eltdalen (gard). Norr. *Elptra, av norr. elptr ‘svane’ → Alta. Mange gardsnamn inneheld ordet → elpt som førsteledd, og i dei fleste høve er det rimeleg at eit elvenamn ligg til grunn. Førsteleddet kan ha former som Efte-, Elpte-, Elt-, Elta(r)-, Eltre-, Epte-, Ert(e)-, Etre- og Etter-. Jf. → Økteren. Førsteledd: Sisteledd: norr. elptr 'svane'
|
Eltarvåg, gard. Rennesøy. Rogaland. [ezl2tarvå:g] Eltarvåg (gard), Eltarvågen (vik). Førsteleddet er gen. av norr. elptr f ‘svane’ → elpt, Elta. Ordet finst fleire gonger sms. med -våg og -vik. NG (X s. 203) meiner at i slike høve er førsteleddet sjølve fuglenemnet og ikkje eit elvenamn laga til dette. E. tyder da helst ‘vågen der svaner held til’. Førsteledd: norr. elptr 'svane'
|
Oltedal. Gjesdal. Rogaland. [ål2teda:l] Oltedal [ål2teda:l] gard, tettstad (Øvre og Nedre), po. og tlf. i Gjesdal komm, Rog. O. ligg ved same vassdrag som → Oltesvig, og førsteleddet i desse namna er eit eldre, bortkomme vassdragsnamn, eit elvenamn *Alpta eller *Ǫlpta i Oltedal, og eit innsjønamn norr. *Ǫlptir m i Oltesvig. Jf. → Alta, → Elta, → Optedal. ¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Tjelta. Sola. Rogaland. Tyelthe ca. 1520 Tiæltha 1567 [Kezl2ta] Tjelta [Kezl2ta] gard og po. i Sola komm, Rog. «Tyelthe» ca. 1520, «Tiæltha» 1567. O. Rygh (NG X s. 190) føreslår norr. *Hjaltar fleirt. av hjalt n ‘tverrstykke på sverdhandtak’. Også eit naturnamnnorr. *Hjalti m (i oblik kasus *Hjalta), laga til hjalt kunne tenkjast. Real bakgrunn kunne vera noko i terrenget som liknar på eit hjalt. Aust for T. låg det tidlegare ein lang innsjø (Skasvatnet, → Skas), og sør for garden gjekk det inn ei trong bukt, som kanskje kan ha vore jamført med eit hjalt.¤ Førsteledd: Sisteledd:
|