Hamar, kommune, by. Hamar. Hedmark. [ham2mar] [ha:2mar] (norm.) Prep på, innb. hamarsing. Norr. Hamarr, bispesete og kaupang (Hamarkaupangr, Biskupshamar) i mellomalderen. Eigentleg gardsnamn, brukt om garden som i seinare tid har vore kalla Storhamar til skilnad frå → Lillehammer. Av → hamar m ‘berghamar’. Førsteledd:
|
Hamarøy, kommune. Hamarøy - Hábmer. Nordland. [ham2røya] (NG) [ham2marøy] (norm.) Innb. hamarøyværing eller hamarøying. Norr. Hamarøy. Både den norr. skriftforma og gardsnamna Hamlot, → Hamsund og Hamnes her syner at namnet ikkje er sms. med → hamar, men truleg inneheld eit eldre, usms. øynamn *Hǫm, gen. *Hamar. Dette er vel norr. hǫm f ‘lår på dyr’ (jfr. nyno. hombot ‘knehase’). Til grunn for øynamnet ligg vel da ei jamføring etter forma. Førsteledd: *Hǫm, gen. *Hamar (øynamn)
|
Hundhamaren. Malvik. Trøndelag. [hon9n92håmmå¤N] Hundhamaren [hon9n92håmmå¤N] berghamar, po. og jb.st. (Hundhammeren) i Malvik komm, S-Trl. Sisteleddet er → hamar ‘berghamar’, førsteleddet dyrenemnet hund. Namn som H. og Hesthamaren finst mange stader, og M. Olsen har gissa på at dei ofte fortel om rettarstader for hundar og hestar. Hunden er elles eit vanleg namn på skjer og holmar, visstnok brukt med lastande tyding, om noko farleg eller meinsleg. Kanskje viser dette til opphavet for namnet H. Jf. også → Hunn.§§§Litt.: Hovda 1941. JS¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Vikhamar. Malvik. Trøndelag. [vik2håmmåren] [vi:k2hammar] Vikhamar NG [vik2håmmåren] norm. [vi:k2hammar] gard, jb.st., po. og tlf. i Malvik komm, S-Trl. Ligg ved same vika som → Saksvik. Sisteleddet → hamar siktar til ein fjellknaus ved garden. Til V. er laga V.løkka (→ lykkje) jb.st. oOg campingplass. Førsteledd: Sisteledd:
|