Oppslagsform Lokalitetstype Kommune Fylke Tolking Førsteledd Sisteledd Kjeldeform Datering Kjelde Uttale Inneholder Er lik med Starter med Slutter med Er tom Og Eller Oppslagsform Lokalitetstype Kommune Fylke Tolking Førsteledd Sisteledd Kjeldeform Datering Kjelde Uttale Inneholder Er lik med Starter med Slutter med Er tom http://norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=878d6bfaafe24159b616d17372364217Søkingen gav 1 treff Herad, kyrkjestad, bygdelag. Farsund. Vest-Agder. Herods 1626 [hær2re] Innb. heradssokning. Namnet H. er kjent i skrift frå 1626, «Herods» kyrkje. Til norr. herað n ‘bygd, grend’. Usms. er H. også namn på ei grend i Gol i Hallingdal, og → Heradsbygda i Elverum er kalla «Herradet» i 1527. Same tyding har herað i sms. namn som → Gransherad, → Krødsherad og → Kvinnherad. Somme sms. herad-namn på Sør-Austlandet inneheld kanskje herað i tydinga ‘rettskrins, administrativt område’, som er den vanlege bruken i Sverige og Danmark. I lov av 6. juni 1863 vart herad («herred») sett i staden for nemninga «formannskapsdistrikt på landet». Litt.: P. Hovda i KLNM VI sp. 500-03, med litt.liste. Førsteledd: Sisteledd: norr. herað ‘bygd, grend’