Mo, tettstad. Nord-Odal. Hedmark. [mo:] Opphavleg gard (no Stormoen og Østmoen), norr. Júgramór, med namn etter elva Juråa (til jur n). → Mo i Rana.
Førsteledd:
|
Mo, kyrkjestad. Tokke. Telemark. [mo:] Namn etter prestegarden, kyrkjestad frå mellomalderen.→ Mo i Rana. Førsteledd:
|
Mo, kyrkjestad, bygdelag. Modalen. Hordaland. [mo:] Namn etter kyrkjestaden, nemnd kring 1360. → Mo i Rana.
Førsteledd:
|
Mo, kyrkjestad. Surnadal. Møre og Romsdal. [mo:] Mo (kyrkjestad), Moen (bygdelag). Innb. mosokning. → Mo i Rana.
Førsteledd:
|
Mo, by. Rana. Nordland. [mo:] Prep. på, innb. moværing. Frå 1720-åra kyrkjestad, frå ca. 1800 handels- og gjestgivarstad. Frå kring 1900 tok strandstaden Mo til å bli by, og 1997 fekk Mo full bystatus. (Litt. Rana bygdebok, Mo prestegjeld, Gardshistorie, Oslo, utan år, s. 61.)
Av norr. mór m ‘mo, tørr sandslette’, svært vanleg gardsnamn, som fleire stader også har vorte sokne- el. bygdenamn.Ved sida av Mo finst som stadnamn bøyingsformer som Mo´en (b. eint., svært vanleg), → Mo´gen (b. eint. i Numedal-Tel), Mo´nen (b. eint. på Sørlandet), → Moi, Mo`e, Mo´na (dat. eint., den første forma på Sørlandet), Mo`a, Mo`er, Mo`an, Moene (alle b. fleirt.) JS
Førsteledd:
|
Moi. Lund. Rogaland. [måi] Moi [måi] gard, po. og tlf. i Lund komm, Rog. M. er dat. eint. av → Mo.¤ Førsteledd: Sisteledd:
|