Troms. Troms [troms] fylke (frå 1919, før kalla Tromsø amt), eigentleg øy i Troms. Norr. Trums. I nyare tid har det usms. øynamnet fått lagt til grunnordet øy, og dette er grunnlaget for bynamnet → Tromsø. Namnet T. finst som øynamn også andre stader, m.a. i Dønna komm, Nordl, og i Frøya komm, S-Trl, Tromsa [trom1sa], vidare som elvenamn, såleis i Ringebu komm, Oppl, Tromsa [trom1sa], og i Namsskogan komm, N-Trl [troms1æqva]. S. Bugge har sett namna i språkleg samanheng med straum. *Strums, med laus s i framlyd, måtte da vera ei avlydsform til norr. straumr, og med s-avleiing. P. Hovda avviser utan grunngjeving denne tolkinga og stiller T. til germansk *trem- «laupa etc.». Etter begge tolkingane blir det straum eller fart i vatnet som ligg til grunn for namna. Begge er usikre.§§§Litt.: Hovda 1966 s. 111-15. NG XVII s. 133. NE s. 276. JS¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Tromsdalen. Tromsø. Troms - Romsa. [trom1sda:l4n] Tromsdalen [trom1sda:l’n] dal, gard, po. og tlf. i Tromsø komm, Troms. Har anten namn direkte etter øya Tromsøy, eldre → Troms, som ligg beint imot på andre sida av sundet, eller elva gjennom dalen kan i eldre tid også ha hatt namnet Troms(a) (sjå NG XVII s. 135. Hovda 1966 s. 113). Sam. Sálas#vággi, sms. av sálas# ‘bytte, fangst’ og vággi ‘dal’. Parallellnamn på sam. Romssavággi, Romssa gen. eint. av Romsa som er sam. namn på byen Tromsø. Tromsdalstind på sam. Sálas#oaivi, oaivi ‘avrunda fjell’.¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Tromsø. [troms2ø] [troms1øya] Tromsø [troms2ø] komm (kjøpstad til 1964) i Troms. Innb. tromsøværing. Har namn etter øya Tromsøya [troms1øya] eldre → Troms, der byen ligg.¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Tromsøysund. [trom2seson9n9] Tromsøysund [trom2seson9n9] sund, pr.gj. (herad til 1964) i Troms. Har namn etter Tromsøya på utsida av sundet. Den noverande utt.forma kan etter Hovda (1966 s. 113) vise til ei sms. direkte med det gamle øynamnet → Troms, norr. *Trumsarsund.¤ Førsteledd: Sisteledd:
|