Høyjord. Sandefjord. Vestfold. [høy1jo:q] Høyjord [høy1jo:q] gard og sokn i Andebu komm, Vestf. Prep på. Norr. Haugagerði. Same namnet finst i Hof komm, Vestf. Sisteleddet er norr. gerði n ‘inngjerdt jordstykke’ → gjerde. Førsteleddet, gen. fleirt. av → haug, fortel vel at det var fleire haugar (gravhaugar?) på «Haugegjerdet».¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Øydegard. Tingvoll. Møre og Romsdal. [øy2ga:$B] [øg2ga¤N, øg2gæ¤N] Øydegard [øy2ga:$B] gard, po. og rb.st. i Tingvoll komm, MogR. Av norr. *Øyðigarðr ‘gard utan fastbuande folk, øydegard’. Namnet Ø. finst over heile landet, men berre nokre få gonger i Trøndelag og Nord-Noreg. Det er mest utbreidd på Austlandet, mange stader i notidsformer som [øg2ga¤N, øg2gæ¤N]. Namnetypen må ha komme opp som nemning for gardar eller gardsbruk som låg øyde etter avfolkinga i seinmellomalderen (jf. → aun). Men da svært mange slike øydegardar i tidleg nytid vart nytta som setrar, slåtteland o.l., fekk ø. ut frå denne funksjonen i somme strok ei meir allmenn tyding: ‘uteng, slåtteng’ (Hadeland, Toten), ‘seter’ (Indre Agder, Telemark, sjå innleiingsartikkel av O. Beito om seternamn). På Vestlandet blir no Ø. somme stader med urette oppfatta som sms. med øy f (→ Øygarden). Jf. også → Øyjorda.§§§¤Litt.: O. Skevik, Ødegård og nærskylde gardsnamn i Heimen XV 1972 s. 471-78 (med tilvisingar). JS¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Øyjorda. Narvik. Nordland. [øy2jo:ra] Øyjorda [øy2jo:ra] gard og tlf. i Narvik komm, Nordl. Namnet Ø. finst som gardsnamn fleire stader i Nordl, eit par gonger i Troms, dessutan på Vestl (Hord, SogFj). Opphav og tyding som → Øydegard.¤ Førsteledd: Sisteledd:
|