Salten [saH2t9a] vanleg litterær utt. [sal1t’n] rettare [sal2ta] om landskapet og [sal2t’n] om fjorden, landskap, domssokn, i eldre tid futedømme, Nordl. Norr. Salfti, Salpti m om fjorden og landskapet. Inst i fjorden ligg → Saltdal(en), og gjennom Saltdalen renn Saltelva. Ved utlaupet av Saltelva ligg garden Saltnes. I Rygh 1896 s. 47 og NG XVI s. 228 er elvenamnet rekna for primært (norr. *Sǫlpt, *Salpt f). Andre granskarar (m.a. S. Bugge og P. Hovda) trur derimot at fjordnamnet er det primære. Av andre namn som nok har språkleg samband med S., kan nemnast havstykket Salta utom Senja og Andøya, Nord-S., Sør-S. og Busalten, fjordar i Ytre Namdalen. Felles for stadene der desse namna finst, er at straumtilhøva i sjøen er relativt harde. Dette er utgangspunkt for P. Hovdas etymologiseringsfreistnad (til ordet salve, om grønfargen på straumsjøen). Språkleg er Hovdas etymologi rang, men realt, med omsyn til vanskelege straumforhold, tykkjest den å høve. S. har truleg fått namnet p.g.a. den vidgjetne Saltstraumen. Det let seg gjere å knyte S.-namna til ei indoeuropeisk rot *sel-, som i baltisk og slavisk er utvida med p: *selp- og i desse språkgreinene oftast er nytta i ord for ‘straum, bølgje, foss’. Rimelegvis har det funnest eit norr. appellativ *salpt, *salftr; ymse andre namn tyder òg på det (sjå Håløygminne 5 s. 362-64 og s. 407-09). - S. Bugges tolking av S. (‘Svanefjorden’) er rang. Ymse granskarar (J. Sandnes og E. Vågslid) trur at ordet salt n mogleg ligg til grunn, men det er språkleg urimeleg. - Notidsforma Salta for S. er gammal dativ m.§§§Litt.: S. Bugge i ANF 21 s. 149-53. H. Eidnes i Håløygminne 5 s. 362-64 (1939) og 8 s. 248-50 (1950). P. Hovda m.a. i Quatrième congrès international de sciences onomastiques. Uppsala 1954. 2 s. 311-12, same i Heimen 10 s. 415-16 (1957), same i Lapps and Norsemen in Olden Times. [Oslo] 1967 s. 61-62. J. Hveding i Heimen 10 s. 411-15 (1957). O. Nes i MM 1975 s. 145-54. E. Ruud i Håløygminne 5 s. 407-09 (1940). J. Sandnes 1965 s. 397, note 48. E. Vågslid i Allkunneboka 9. ON¤