Med N. forstod ein i mellomalderen den delen av Noregsveldi som låg på den skandinaviske halvøya, og ei liknande avgrensing er vanleg i dag. Prep i, innb. nordmann, yngre òg norske m laga til norsk adj (< mellomnorsk nornskr som er laga til gno. norrœnn adj) etter mønster av svenske og danske.
N. er fyrst skriftfest i utanlandske kjelder, latin Nortuagia ca. 840 (Durham minnebok), Nort(h)wegia ca. 900, Norwegia ca. 950 (sidan vanleg), angelsaksisk Norðweg ca. 880 (Ottars reiseskildring i kong Alfreds verdshistorie, i avskrift frå 11. hå.). Eldste nordiske former er akk. nuruiak (d.e. Norwægh) på Jellingsteinen ca. 980, dat. nuriki (d.e. Noregi) på Kulisteinen ca. 1034 og Nóregr i fem skaldekvæde frå perioden ca. 970–1070, der rima stadfester den lange vokalen i Nór-. I dei eldste norrøne prosakjeldene (ca. 1150–1200) finst berre forma Norvegr i gamalislandsk, men berre Noregr i gamalnorsk; seinare finst den fullare forma Norvegr einstaka gonger i gamalnorsk. Namnet hadde opphavleg maskulint genus (som vegr), men det har endra seg til nøytralt genus på vegen til nynorsk («mitt Noreg»), venteleg etter eit vanleg mønster der inkjekjønnsordet land ligg til grunn semantisk.
Det har vore brei semje mellom granskarane om at etterlekken er gno. vegr m ‘veg, lei’, vidare ‘strok, land’, slik som òg formene i moderne vesteuropeiske språk syner: Norway (eng.), Norwegen (tysk), Noorwegen (nl.), Norvège (fransk). Helge Sandøy (1997) har likevel med utgangspunkt i målføreformene i nynorsk hevda at etterlekken har vore gno. ríki m, til liks med Svéaríki. Denne teorien vantar stønad i gamal- og mellomnorske skriftformer av namnet og er heller ikkje naudsynt for å tyda ut målføreformene, som i dei fleste tilfelle kan koma av akkusativforma Noreg eller dativforma Noregi (sjå nedanfor).
Førelekken har det derimot òg tidlegare vore ulike meiningar om. Den vanlege oppfatninga har vore at førelekken er gno. norðr adv ‘nord’, og tydinga skulle då vera ‘landet som ligg mot nord’, ein parallell til austrvegr (‘landa mot aust’), vestrvegr (‘landa mot vest’) og suðrvegr (‘landa mot sør’, Italia, Tyskland). Det er likevel fleire problem knytte til denne forklåringa. Ein har ikkje noko grunnlag for å gå ut frå at ð fall bort i eit namn på Norð- so tidleg som på 900-talet, og heller ikkje at vokalen ville verta lang på grunn av ð-bortfallet, som i forma Nóregr i skaldekvæda. Trønnes (1847) og seinare m.a. Noreen (1897) har difor hevda at førelekken er nor n ‘trongt sund’, eit ord som finst i nynorsk (Aasen) og ligg føre i namn som ⟶ Nore og ⟶ Norheimsund. Tydinga vert då ‘leia med dei mange tronge sunda; sund-landet’. Den vanlege gamalnorske forma Noregr kan i so fall ha kome opp gjennom stytting av vokalen i stoda før -rv- og seinare bortfall av v-en, mao. *Nórvegr > Norvegr > Noregr, medan skaldeforma Nóregr har bortfall av v-en utan slik stytting, jf. tilsvarande variantar i mannsnamnet Þorvaldr, Þóraldr < *Þórvaldr. Styrken ved forklåringa til Trønnes og Noreen er at ho fylgjer det vanlege og sers viktige namnefaglege prinsippet om å leggja dei eldste og samstundes geografisk næraste døma til grunn for tolkinga, d.e. dei nordiske formene i runeinnskriftene og skaldekvæda. Dei latinskspråklege formene med t(h) og den angelsaksiske Norðweg kan koma av samanblanding med andre namn på landet vårt, latin Nort(h)mannia og (hjå Alfred) norðmanna land ‘landet åt nordmennene’. Same kva uttyding ein legg til grunn, er det truleg at det frå fyrst av berre var kyststripa vest- og nordover som vart kalla N., og at namnet sidan, i samband med rikssamlingsprosessen, vart utvida til å femna om heile det området som i dag utgjer N.
På 1300-talet kjem det opp samandregne former som Norgi(s) av trestavingsformene Noregi (dat.) og Noregis, Noreges (gen.); genitivforma har kanskje fått vokalinnskot mellom g(h) og s for å hindre at g-en i uttalen skulle gå over til k (Seip 1923), jf. nno. (til) veges. Desse samandregne formene kom meir i bruk på 1400-talet og vart på 1500-talet dei vanlege i skrift. Dei finst fyrst i svenske og danske brev eller brev med eit svensk- eller danskpåverka språk, og me må difor rekna med at forma Norge har vunne fram gjennom austnordisk innverknad. Overgangen j > g i sein mellomdansk og nydansk skrift i ord som spørja, verja (spørge, verge) kan ha hjelpt denne skriftforma i norsk-dansken (Norge < Nårje i utt.).
Dei nedervde talemålsformene motseier ikkje slike slutningar. Desse var fyrst på 1900-talet i det sønnan- og vestanfjelske området når´je, nør´je (Austlandet), nå:`re(g), nå:`ri(g), nå:´ri, når`ri(g), Trøndelag hadde vanleg når´ri med gjennomført einstavings tonelag, Nord-Noreg oftast når´je. Formene med tostavings tonelag, nå:`re(g), nå:`ri(g), synest å gå attende på den gamle akkusativen Noreg og varianten Norig med analogisk i etter dativforma Norigi < Noregi (funnen i skrift so tidleg som 1333 i brev frå Tønsberg: «j Norighi»). Formene med einstavings tonelag synest derimot å gå attende på den gamle dativen, som måtte vera frekvent i eit stadnamn (i uttrykk som í Noregi), med assimilasjon Noregi > Norigi og vidare synkope av midstavinga i Norigi > Nori(j)i > nå:´ri, når´ri eller (med vokalharmoni) Norege > Norge > når´je, nør´je, noko tonelaget i desse formene er ei minning om (sjå Larsen 1914 for denne tonelagsvoksteren i norske stadnamn).
Fyrst på 1900-talet var forma når`ge eller når´ge vanleg i somme bymål og på Nordvestlandet frå Sogn til Romsdalen. Bruket av Norge [når`ge] i skrift og tale i massemedia har det siste halve hundreåret ført til ein kraftig ekspansjon for denne forma, slik at ho i dag må seiast å vera den vanlege i alle landsluter. I bokmål er Norge offisiell skriftform. På 1700- og 1800-talet vart stundom Norrig(e) bruka som poetisk form i norsk-dansken. I landsmålet nytta ein i siste helvta av førre hundreåret og fyrst på 1900-talet oftast Norig etter framlegg frå Ivar Aasen. Ved sida bruka ein òg Noreg (og ein sjeldan gong Norge). Noreg har vore einaste offisielle form i nynorsk sidan 1938.
Litt.: I. Hoff i Syn og Segn 1955 s. 454–60. M. Hægstad i Norvegia II (1908) s. 1–7. G. Indrebø i Heimen 1923 s. 172–75. Indrebø 1925. Indrebø 1927 s. 183–90. A. Jakobsen i KLNM XII sp. 336–38. H. Koht i Syn og Segn 1923 s. 411–19. Myrvoll 2011. Noreen 1897. Naadland 1954. Sandøy 1997. D. A. Seip 1923. Seip i Syn og Segn 1924 s. 215–29. Seip 1925. Seip 1952 s. 111–13. N. H. Trønnes i Norsk Tidsskrift for Videnskab og Litteratur I (1847) s. 65. OS, KJM