Folda, havstykke, fjord. [fål91l9a] Ope havstykke og fjord (Inner-Folda) i Namdalen, N-Trl. Til dette er laga bygdenamnet → Foldereid.
Norr. Fold(in), ubunden eller bunden form f, i norr. berre kjent som namn på Oslofjorden, men namnet finst òg i Namdalen. I eldre tid har visstnok Fold også vore brukt om eit par andre fjordar, såleis om den no sms. → Foldfjorden, i MogR. Ofte har Fold(a) òg vorte namn på bygdene nærast kring fjorden.
Fold f tyder i norr. ‘slette, flate’, og har som fjordnamn truleg hatt tydinga ‘den breie, opne fjorden’. Det må da opphavleg ha vore knytt til dei ytre, breie delane av fjordane. Inst inne i F. her i Namdalen kjem det likevel ut ei elv Folda (Nordfolda og Sørfolda), og elvenamnet kunne her vera det primære. Jf. → Folda elvenamn.
Litt.: Rygh 1896 s. 30, 35 og 57. JS
Førsteledd: Sisteledd: norr. fold ‘slette, flate’, eller elvenamn?
|
Folda, fjord. [fål91l9a] Namnet er først og fremst knytt til den ytre delen av den lange fjorden som lenger inne kløyver seg i → Nordfold(a) og → Sørfold(a). N. og S. har òg vorte bygdenamn.
→ Fold(in), ubunden eller bunden form f, er i norr. berre kjent som namn på Oslofjorden, men → Folda finst òg i Namdalen. I eldre tid har visstnok Fold også vore brukt om eit par andre fjordar, såleis om den no sms. → Foldfjorden, i MogR. Ofte har Fold(a) òg vorte namn på bygdene nærast kring fjorden.
Fold f tyder i norr. ‘slette, flate’, og har som fjordnamn truleg hatt tydinga ‘den breie, opne fjorden’. Det må da opphavleg ha vore knytt til dei ytre, breie delane av fjordane.
Litt.: Rygh 1896 s. 30, 35 og 57. JS Førsteledd: Sisteledd: norr. fold ‘slette, flate’
|
Folda, elv. Nord-Aurdal. Oppland. [føl2da] Folda, Folla er elvenamn fleire stader i landet, m.a. → Folla i Folldal komm, Hedm. og → Folla i Verran komm, N-Trl.
Norr. Fold f. Der uttalen no har tostavings tonelag, kan det skyldast nyare omlaging. Elvenamnet Fold ser ut til å vera identisk med fjordnamnet F. S. Bugge har tolka elvenamnet som «den brede, den som danner en bred Flade».
Litt.: NE s. 55-56. NG III s. 385. JS. Førsteledd: Sisteledd: norr. fold 'flate
|
Sørfold. [sø:r2fål9l9] Sørfold norm. [sø:r2fål9l9] komm i Nordl. Innb. (sør)foldværing. Har namn etter fjordarmen Sørfolda, → Folda fjordnamn 3.¤ Førsteledd: Sisteledd:
|