Hovudstaden i Noreg, by frå ca. 1000. Norrøne kjelder har fremst forma Ósló (frå 1225 av), truleg med både feminint og nøytralt genus, jf. t.d. gen. Óslóar f. ved sida av Óslós n., og samansetjingar som Óslóarfjǫrðr m. og Óslósherað n. Til desse kjem forma Ásló i vestnorske kjelder, den latiniserte forma Anslo(a) (frå 1325) og den mellomnedertyske Anslo (frå 1398).
Namnet er samansett, og etterleddet er germansk *lauha- m./n. som vi ser i norr. ló n./f. ‘engslette (ved vatn)’, eit ord som berre ligg føre i namn, t.d. norr. Lóar f. pl., dat. pl. Lóum, nå Lom → *lo.
Forleddet Ós- eller Ás- har vore meir diskutert (sjå m.a. MM 2004). Forma Anslo(a) syner nasal uttale av den initiale vokalen i tidleg norrønt. Derfor kan ikkje forleddet vere norr. óss m. ‘elvemunning’ som kjem av urnordisk *ōsa- n./m. og ikkje inneheld nokon nasal. Peder Claussøn Friis tok i miss då han tolka forleddet i Oslo som os og etterleddet ‑ló som eit elvenamn. Den historisk sett urette nemninga Loelva for Alnaelva kjem av at han trudde at Oslo tydde ‘Loelvas os’.
For forleddet finst det då to moglege norrøne ord: 1) u‑stomnen germansk *ansu- m. ‘ås, heidensk gud’ > norr. áss (pl. æsir) og óss som er namn på o‑runa i Snorre-Edda, og 2) a‑stomnen germansk *ansa- m. ‘bjelke; langstrekt høgdedrag’ > norr. áss (pl. ásar) > no. ås.
Både språklege og faktiske forhold talar mot at forleddet er det topografiske nemnet norr. áss m. ‘ås(rygg)’. Dette ordet ligg aldri føre i forma *óss. Forma Ásló burde ha vore einerådande, og den lange ó‑vokalen lèt seg berre forklåra ved hjelp av svært hypotetiske og urimelege lydendringar. For det andre er Ekeberg, som då måtte vere motivet for namnet, topografisk sett ikkje ein ås men eit berg, dvs. ein bratt klippeformasjon med mykje bert fjell. Namnet på den gamle garden som låg her er då også norr. Eikaberg → Ekeberg.
I motsetnad til høgdenemninga har gudenemninga også ei form óss med ó‑. Dette ordet kan følgjeleg utan vidare vera forleddet i norr. Ósló, og vi skal gå ut frå ei urnordisk form *ãnsu‑lauha- n. som via yngre urnordisk *ā̃su‑lōha har gjeve Ósló. Denne analysen av namnet Ósló viser at urnordisk *ãnsu‑lauha- høgst sannsynleg har hatt tydinga ‘gudeslette (ved vatn)’, dvs. ved Alnaelva eller fjorden. Ei tyding ‘gudelund’ for urnordisk *ãnsu‑lauha- er mindre truleg, sidan det berre er i den kontinentale delen av vestgermansk at *lauha- heilt klårt tyder ‘lund, kratt’. For utførleg språkleg tolking, sjå Bjorvand 2008. Det handlar i alle fall om namnet på ein gammal kultstad. Om det har vore eit gardsnamn kan vi ikkje vita sikkert. På grunn av den høge alderen til namnet (føre Kristi fødsel) er det sjølvsagt også uvisst kva for ein gud eller gudar som har vore dyrka på denne sletta. Norr. áss ‘gud’ ligg også føre i andre namn, → Asak, → Åseral.
I 1624 vart byen flytta inn under murane ved Akershus og fekk namnet → Christiania, men O. vart brukt som namn på den bydelen som no heiter → Gamlebyen. P. A. Munch (1859) kritiserte namnet Christiania og I. Aasen (1866) gjorde framlegg om at byen burde få att det gamle namnet O. Professorane Falk og Hægstad rådde også til namneskifte i 1902, og frå 1908 og utover kom fleire framlegg frå ungdoms- og mållag om at byen måtte få att namnet O. Eit stortingsvedtak i 1924 avgjorde så at byen skulle heite O. frå 1. jan. 1925.
Litt.: H. Bjorvand i NoB 2008 s. 25-34 med tilvisingar, Falk og Hægstad 1918 s. 8-15. Peder Clausson Friis 1632 s. 32. MM 2004 s. 129-147. G. Widmark i NoB 1992 s. 57-63 med tilvisingar. OS, HB