logo
logo

Norsk stadnamnleksikon

  • Søk stedsnavn
  • Grunnord
  • Søkeveiledning
  • Artiklar om namn


http://norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=c7bf4aeef6d748ab8c380e474921ac87

Søkingen gav 1 treff

Fosen, område.
[fo:1s4n]
Område i S-Trl, tidlegare futedømme og len. Prep i, innb. fosning. Norr. Fólgsn f ‘gøymestad’, til norr. fela vb ‘gøyme, løyne’. Opphavleg var F. namn på → Storfosna i Ørland komm, der det er ei lun hamn. Storfosna var administrasjonssentrum og gav namn til heile lenet (futedømmet) da dette vart skilt ut frå det gamle Nordmørefylket kring 1500. Som administrasjonsnamn femnde F. om kystbygdene (med øyane Hitra, Frøya) i S-Trl frå og med Osen i nord til og med Hemne i sør. No blir F. oftast brukt berre om Fosenhalvøya (nord for Trondheimsfjorden). Øynamnet F. finst fleire stader, såleis Fosen, øy og gard i Karmøy komm, Rog og Fosnøyna i Austrheim komm, Hord. Jf. → Kristiansund.
Litt.: A. O. Johnsen i Årsskrift Fosen historielag 1947 s. 38-45. Stemshaug 1991. KA
Førsteledd:
Sisteledd: norr. Fólgsn ‘gøymestad’
Sida gir deg mulighet til å søke på norske stedsnavn som er behandlet i Norsk stadnamnleksikon, redigert av Jørn Sandnes og Ola Stemshaug, 4 utgåva, utgitt av Det Norske Samlaget i 1997.

For spørsmål og kommentarer, kontakt norsk.stadnamnleksikon@gmail.com