Orkanger. Orkdal. Trøndelag. [årk2aMMer] Orkanger norm. [årk2aMMer] tettstad og sokn (komm 1920-63) i Orkdal komm, S-Trl. Bystatus 2014. Prep på, innb. ørbygg, til det eldre namnet på staden som var Orkdalsøra (lokalt Øra). O. er eit nylaga namn, til førsteleddet i → Orkla, → Orkdal osv. og → angr ‘vik, fjord’.¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Orkla. [åk1qa] [årk1qa] Orkla Kvikne [åk1qa] elles nyare [årk1qa] elv i Hedm/S-Trl. Namn som → Orkdal, norr. Orka(r)dalr, tyder på at elvenamnet eigentleg har vore *Ork f. Til dette er laga namnet på kjeldesjøen → Orkelsjøen, eldre *Orkill eller *Orkull. Dette kan igjen ha vore utgangspunktet for laginga av det seinare namnet Orkla. Elvenamnet *Ork blir vanleg sett til norr. orka vb ‘verke, arbeide’, og namnet skulle sikte til særleg sterk straum i (delar av) elva. (Sjå NE s. 180.) Med god vilje kan ein få dette til å vera karakteristisk for O. H. Kuhn har tolka Ork som eit «gammaleuropeisk» namn, på line med Orke i Tyskland, Urk i Nederland og Orcq i Belgia. Begge forklaringane er uvisse.§§§Litt.: H. Kuhn i NoB 1971 s. 58. JS¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Orkland. Orkdal. Trøndelag. [årk2lan9n9] Orkland [årk2lan9n9] sokn (herad til 1963) i Orkdal komm, S-Trl. Nylaga namn (→ Orkanger).¤ Førsteledd: Sisteledd:
|