Fauske, kommune. Fauske. Nordland. [fausk] [faus2ke] (norm.) Bystatus 1998, opprinneleg gard. Prep på, innb. fauskværing. Norr. Fauskar har vore tolka som ub. fleirt. av fauskr m ‘fausk, morke tre’. Ei meir rimeleg tolkning er å sjå ei avleiing av same ordet fausa, føysa som i elvenamnet Fauska (→ Fauskevåg), fordi det er verhardt på Fauske i aust- og søraustvind (F. Myrvang, munnleg kommentar).
Gardsnamnet F. finst fleire stader, også i formene Føske, Føsker. Sjeldnare er eint. Fausk, Føsk. Fauskar, eit gammalt bygdenamn på Hedm, lever no att i gardsnamnet Foskum i Løten. Jf. → Fauskanger og → Fauskevåg. Førsteledd: Sisteledd: fausa, føysa (om vind)
|
Fauskevåg, bygdelag. Harstad[13]. Troms - Romsa. [faus2kevå:g] Norr. Fauskuvágr, der førsteleddet truleg er eit bortkomme elvenamn Fauska, kjent andre stader i landet. Elvenamnet er truleg ei k-avleiing til fausa, føysa vb «drive noget afsted med larm og skyndsomhed, bruse op, syde over» (Aasen). Slik må ein også tolke Fausken og Fauskan(e), namn på fluer og fall med mykje sjøbrott (sjå P. Hovda i NoB 1962 s. 178-79). Førsteledd: Fauska (elvenamn, avleidd av fausa, føysa)
|