Oppslagsform Lokalitetstype Kommune Fylke Tolking Førsteledd Sisteledd Kjeldeform Datering Kjelde Uttale Inneholder Er lik med Starter med Slutter med Er tom Og Eller Oppslagsform Lokalitetstype Kommune Fylke Tolking Førsteledd Sisteledd Kjeldeform Datering Kjelde Uttale Inneholder Er lik med Starter med Slutter med Er tom http://norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=fda91f7fd1dc454fbd5942dd82788c9fSøkingen gav 1 treff Drammen, by, kommune. Drammen. Buskerud. [dram1men] Norr. Drafn var opphavleg namn på det inste av Dramsfjorden. Fjorden innafor Svelvikstraumen blir i mellomalderkjeldene kalla eit vatn. Det usms. D. finst som fjordnamn på kart til etter 1650. Etter som ladestadene (Bragernes og Strømsø) inst ved fjorden vart viktigare, kom D. meir og meir til å bli eit samnamn på desse. I 1811 vart dei slått saman til ein kjøpstad med namnet D. Dramselva har i norr. tid heitt Drǫfn, det syner gardsnamnet Dramdal (av norr. *Drafnardalr) attmed elva i Øvre Eiker. Elvenamnet er kanskje det opphavlege. Det er same ord som drǫfn f ‘bølgje’ i norr. poesi. Det kan hange saman med norr. draf n ‘drav, avfall’ og nyno. drevje f ‘blaut masse’. Jf. elvenamnet → Drevja. Namnet kan da tyde ‘den bølgjande’ eller ‘den opprørte, den som har uklårt vatn’. Litt.: Indrebø 1929 s. 7-10 (med fleire tilvisingar). Førsteledd: Sisteledd: Drǫfn (elve- eller fjordnamn)