Oppslagsform Lokalitetstype Kommune Fylke Tolking Førsteledd Sisteledd Kjeldeform Datering Kjelde Uttale Inneholder Er lik med Starter med Slutter med Er tom Og Eller Oppslagsform Lokalitetstype Kommune Fylke Tolking Førsteledd Sisteledd Kjeldeform Datering Kjelde Uttale Inneholder Er lik med Starter med Slutter med Er tom http://norskstadnamnleksikon.no/?deeplink=ff665628e3854307b54f07aec07f47aaSøkingen gav 1 treff Råde, kommune. Råde. Østfold. a Rodho (dat.) 1385 i Rodo sokn (gen.) 1370 [rå:2e] [rå:2de] (norm.) [ro:2e] (gardsnamn) Av gardsnamnet Roe [ro:`e]. Til grunn for dette ligg norr. róða f ‘stong, stokk’ som likt ord som t.d. bjelke stav og stokk kan nyttast metaforisk om høgder. Her siktar namnet på det markante høgdedraget Roe-gardane ligg på, ein del av det store raet i Østfold. Gardsnamnet Roe reflekterer oblike kasus róðu, og soknenamnet er kjent i desse formene frå 1300-talet. Namnet Råde kom opp kring 1500 og representerer ei yngre nom.form med analogisk å-vokal (< norr. á) etter mønster av ord med gammal veksling ó : á som spónn, gen. spánar m. 'spon, flis', sjå Bjorvand 2013, → Såner. Norr. róða f ligg òg til grunn for Roen [ro:`en] i Jevnaker (dat. Rodone RB) og Rodal(en) i Halsa (i Róðudal 1332). I begge desse namna synest róða likein å referera til høgdredrag ved gardane. Litt.: H. Bjorvand i NN 2013 s. 49-59. HB Førsteledd: Sisteledd: norr. róða f ‘stong, stokk’