øy
|
NSL:
øy, gno. øy f
1. ‘øy, kringfløymt land’, stundom ‘halvøy’,
2. ‘øy, flatt, frodig og fuktig lende attmed vatn’.
Grunnordet lever enno i begge tydingane, men er langt mest utbreidd i tyding 1. Som sisteledd har øy (tyding 1) mest b. eint., men òg i relativt gamle sms. ub. eint.; i ub. eint. (og dessutan som midtledd) har grunnordet ved Oslofjorden og særleg i Vestf og på Sørlandet forma -[e] eller -[i]: → Bastøy [bas`ti], → Burøy [bu:`re]. - Ein del stadnamn har ei danskpåverka skrift- og uttaleform -ø, t.d. → Florø, → Kragerø. Hit hører også for det aller meste skriftforma «Øyen/Øien». Nokre namn har ein uhistorisk -ø: → Bodø, → Tromsø. Førsteleddet i sms. er svært varierande; oftast fortel utmerkingsordet om skap, farge og lægje (Stor-, Lang-, Raud-, Nes-, Mid-), men mange av namna har også eit førsteledd som vitnar om fangst, fiske, husdyrhald og anna utnytting av naturtilhøva: → Sel-, Fugl-, → Mås-, → Føyno, Kalv-, → Svin-, → Helg-, → Brønn-, → Vadsø. Ofte finn vi òg tidlegare usms. øynamn som førsteledd: → Hinn-, → Moster-, → Oster-.
Som usms. i tyding 1 er grunnordet lite nytta, og da berre som daglegnamn på øyar som i offisiell form har eit utmerkingsord, t.d. Øya for Vadsøya.
Øy i tyding 2 finst som sisteledd (oftast i b. fleirt.) i mange namn på fastlandet, særleg i inn- og utmarksnamn, men òg i gardsnamn, t.d. → Holmøyane. Førsteleddet i sms. varierer, men siktar oftast til jordsmonn, lægje og tre- og plantevokster.
Grunnordet finst i ein heil del usms. namn, der ymse tal og kasus ligg til grunn: → Øy, → Øya b. eint., → Øye dat. eint., Øyane b. fleirt. og Øyum dat. fleirt. Avleiingar til øy er → Øyer og → Øyeren.
Alderen til øy-namna varierer. Fleire av dei er nok frå urnordisk tid, t.d. Øyeren, medan andre iallfall er gno., t.d. Øye og mange av øy-namna med grunnordet som sisteledd i ub. eint. Atter andre er frå mellomnorsk eller nyare tid, t.d. tidlegare usms. namn, som Hinnøya. Dei mange utmarksnamna på -øy i b. form er helst frå dei siste hundreåra.
Litt.: Indrebø 1929 s. 209-11.
ON
NG:
øy f. (Gen. og Flt. øyjar) ’Ø’. Har i det gamle Sprog, ligesom endnu i enkelte Bygdemål, været brugt også om flade Strækninger med frodig Plantevæxt, som ligge langs Vand uden at være omflydte. Til denne Betydning er en stor Del af de fra Ordet stammende Stedsnavne at henføre. Desuden er at mærke, at mange Steder, som i den Tid, da de fik et med øy dannet Navn, virkelig vare Øer, senere ved Opgrunding ere blevne landfaste og derfor ikke længere svare til Navnet. Et særlig ofte forekommende sms. Navn er Helgøy, der er for hyppigt til overalt at kunne forklares af et af Personnavnene Helgi eller Helga, og derfor sikkert i mange Tilfælde er at oversætte ’den hellige Ø’.
|
Norsk stadnamnleksikon 1997/ Norske Gaardnavne Indl
|
island, peninsula
|
norsk
|