Grunnord

Grunnord Forklaring Kjelde Engelsk definisjon Språk
foss
av gno. fors eller foss m. ‘Fos, Vandfald, brat nedstyrtende Vandstrøm’ (Aasen), laga til ei rot med tydinga ‘sprute, fyke’ Den eldre forma fors (førs) skal enno finnast i delar av Romsdal og på Sunnmøre, og vi har ho i Nordland og Troms, som på svensk språkområde. I delar av Indre Hardanger og Indre Sogn har ein fått analogt fleirt. fesse(r). Tydinga er sams over heile landet bortsett frå Nordøsterdalen og Øvre Gauldal, som viser samanheng med Sverige, der foss vanleg tyder ‘stryk’.
   Dei aller fleste namna på -foss er vanlege naturnamn, og svært ofte relasjonsnamn, t.d. Leirfossan (Nidelva, S-Trl) til gardsnamnet Leira, Mongefossen (Rauma) til gardsnamnet Monge. Men ofte fortel førsteleddet om læte, t.d. Låtefoss (Austdøla), Dynjanfossen (Arendalsvassdraget), opphavleg usms. Dynjandi, dvs. presens partisipp, som er ein svært vanleg måte å laga fossenamn på, eller utsjånad, t.d. Rjukanfossen < Rjukande, (→ Rjukan), Govfoss (Tya) om ein foss det ryk av, Skjørfoss (fleire stader i Hardanger) om kvitbrusande fossar med ujamt fall.
   I bustadnamn finst gamle samansetningar som Fossem < Forsheimr, Fossland (sørvestlandsk Fotland), som sisteledd og oftast yngre → Braskereidfoss, → Ulefoss. Usms. Foss og Fossen, Fosse (dat.), Fossan (fleirt.) er svært vanleg som gardsnamn i heile Sør-Noreg. I nokre sms. gardsnamn kan ein finne den avleidde forma -fyrsi n.
Litt.: Frøysadal 1953 s. 8-9. P. Hovda i MM 1945 s. 97-115. OS
  
NG:
gno. fors m. (Flt. forsar), Fos, allerede i MA. ofte skr. foss, som det nu udtales i Norge undtagen i Nordland, hvor den opr. Udt. har holdt sig. Meget ofte usms., i Ent. og Flt., om Gårde, som ligge nær en Fos. Gamle Sammensætninger findes, et Par med vin, mange med heimr. I de Egne, hvor sl nu udtales tl, bliver Foss- til Fott-, når l følger (Fottland for Fossland). Sammensat, som andet Led, undertiden i den afledede Form -fyrsi (-fyssi) n.
 
Norsk stadnamnleksikon 1997/Norske Gaardnavne Indl waterfall norsk