set
|
NSL:
-set, -sete, -seto, vel av gno. setr n ‘bustad, tilhaldsstad’ i fleirt. seter. Dette er ikkje lenger noko levande appellativ og heller ikkje produktivt i namnelaginga, men finst som siste, reduserte samansetjingsledd i ca. 900 gardsnamn og 1700 seternamn. Usms. er Set(e), Seto berre i einstaka høve namn på faste bustader. Fem av gardsnamna har vorte sokne- eller heradsnamn, Langset (Akersh), Innset, Tynset og Vallset (Hedm) og Nesset (MogR). I NG blir vanleg gjort den skilnaden at ein reknar med gno. setr ‘bustad’ i gardsnamn, men gno. sætr der staden no er seter eller ser ut til å ha vore det tidlegare. Gno. setr og sætr er nærskylde ord i tyding og opphav, og som appellativ er dei falne saman i forma → seter; men så langt det blir gjort skilnad mellom setr og sætr i gno. skrift, synest dei gamle formene av gardsnamna helst gå attende på gno. setr, formene -sete, -seto svarar til dat. eint. og fleirt. Ei jamføring av seternamn og gardsnamn på -set(e), -seto syner at desse etterledda ikkje berre er einslydande; dei heng òg nøye saman ved si utbreiing i dei ulike funksjonane, og i føreledda er det mykje likskap. Frå desse skil namna på -seter, -setra seg skarpare ut både formelt, reelt og kronologisk. Den etymologiske skilnaden som i NG er gjord mellom seternamn og gardsnamn på -set(e), kan difor ikkje haldast oppe. Det er meir likt til at både seternamn og gardsnamn på -set(e), -seto vanleg går attende på same grunnordet, helst gno. setr.
Gardsnamna på -set(e) er flest nord i landet frå Sunnfjord til Nordland og på Austlandet, særleg i Mjøsbygdene. Seternamna på -set(e) finst først og fremst på eit samanhengande sentralnorsk område frå Sel i Gudbrandsdalen til og med Valle i Setesdal i sør. Austafjells er det særleg fjell- og dalbygdene som hører hit; på Vestlandet er det dei tilgrensande bygdene i Hardanger, Voss og Sogn. Formene på -sete finst mest i Hardanger og Sogn og nokre i øvre Valdres, -seto i Hardanger. I nordvest, nord og aust er det såleis kontinuerleg samanheng mellom dei eigentlege område for desse seter- og gardsnamna.
Ved utmerkingsorda er det mykje samsvar mellom gards- og seternamn på -set(e). Personnamn er etter måten mange fleire ved namn på -set(e) enn ved namn på -seter (-setra), og dei har ein eldre svip; her er ikkje så mange innslag frå nyare namnegjeving ved -set(e) som ved -seter (-setra). Den skilnaden som mest fell i augo mellom namn på -set(e) og -seter (-setra), er elles at gardsnamn langt sjeldnare er utmerkingsord ved den første enn ved den siste typen. Her er likevel fleire set-namn der ein helst må rekne med gardsnamn som utmerkingsord, t.d. Julset, til Julan i Lånke. I fleire gardsnamn på -set(e) finst utmerkingsord som eng(e) og løe og like eins er husdyrnamna betre representert som utmerkingsord ved gardsnamn enn ved seternamn. Men største skilnaden mellom gards- og seternamn er at vi ved gardsnamn, men ikkje ved seternamn, finn samansetjingar med heidenske gude- og heilagnamn.
Gardsnamn på -set(e) (gno. -setr) går attende til heidensk tid. Dei finst i dei norrøne utbygdene i vest, men ikkje på Island. Namna har vore tidfeste til vikingtida og tida nærmast føre, somme vil gjera dei enda noko eldre. Mellom seternamna er ikkje funne noko som beinveges vitnar om opphav i heidensk tid; minningane fra kristen tid er framleis få etter måten, men noko fleire enn ved gardsnamna. Frå nyare tid er her inkje tydeleg innslag som kan gje ein rett til å slutte at namnetypen har vore produktiv ut over mellomalderen. Namnetypen på -set(e), -seto har altså lenge vore uproduktiv, medan -seter (-setra) er ein fullt levande og produktiv type til laging av seternamn.
Somme namn har skift funksjon ved overgangar mellom setrar og fast busetnad. Men ved stormengda av namna kjenner vi ikkje til noko såvore omskifte, og somme av setrane med namn på -set(e) kan aldri ha vore gardar for skuld naturtilhøva på staden.
Gardsnamn og seternamn på -set(e) står særs ulikt innan kvar sine namneflokkar. Mellom setrane har dei med namn på -set(e) eit sentralt lægje; dei har ofte fleire oppsitjarar og tykkjest høre til gamle gardar opphavleg. Men gardane med namn på -set(e) er gjerne utkantgardar og sekundære og underordna i høve til dei gamle gardane.
Geografisk er det slik samanheng mellom namna på -set(e) og -seter (-setra) at ein har lov til å rekne med historisk hopehav. Namna på -seter (setra) er vanlege innan området for gardsnamn på -set(e), men stoggar utafor intensitetsområdet åt dei tilsvarande seternamna. Faktisk fyller namna på -seter (-setra) same funksjon her som seternamna på -set(e) innan sitt område. Namna på -seter (-setra) er opphavlege seternamn; men i høve til namna på -set(e) er dei seine og sekundære. Samanhengen er her nærmast at namna på - seter (-setra) har avløyst -set(e) i ein eldre funksjon, som den sist nemnde typen enno har andre stader. Det saklege grunnlaget for dette omskiftet må vera ein framvokster frå seter til gard på så mange stader med namn på -set(e) (gno. setr) at sjølve namnetypen der fekk ein annan karakter og vart særmerkt for eit visst slag gardar. Her kunne denne namnetypen òg bli produktiv til laging av gardsnamn og vart etter kvart ubrukande til å lage seternamn, medan -seter (-setra) tok over den sist nemnde funksjonen. Sin gamle funksjon til laging av seternamn kunne -set(e) einast halde oppe i strok der det var mindre av denne framvoksteren frå seter til gard. Når noverande seternamn på -set(e), -seto er yngre enn gardsnamna, kjem nok det av at dei er ytste utlauparane av denne namneklassen ute i ubygda. Dette samsvarar med den geografiske skilnaden mellom områda for gards- og seternamn på -set(e) og med den allmenne historiske framvoksteren. OB
Tillegg 1997: I 1980- og 90-åra har det komme fleire arbeid om ulike sider ved dei norske namna på -set, -sete, -seto. S. Brink har (1987 s. 84) argumentert for å «överväga att ansluta no. setr till det sv. säter och uppfatta elementet som äldst ägobetecknande [teignavn], avseende någon typ av ängsmark». B. Helleland har m.a., mots. OB, synt at endingsvokalen i namn på -sete, -seto i Hardanger er svarabhaktivokal.
Litt.: Beito 1949. S. Brink i NN 1987 s. 79 ff. B. Helleland i NN 1989 s. 59 ff. Hedblom 1945. Jacobsen 1901. Marwick 1952. NG Indl s. 74. M. Oftedal i NTS 1954 s. 375-76. Petersen 1923. J. Sandnes i MM 1956 s. 84-88 og HT 1989 s. 351 ff. Stemshaug 1985 s. 107. Sjå òg Heimen XVI (1975) s. 507-16
NG:
gno. setr n. (Gen. setrs, Dat. setri. Flt. i Gårdnavne setrar f.) betyder i de fleste Tilfælde i Gårdnavne vistnok ’Opholdssted, Bosted’ (Sted, hvor man sidder, af sitja ’sidde’). Forskjelligt derfra, ikke blot i Betydning, men også i sproglig Form, er et af samme Stamme dannet Ord sætr (i det gamle Sprog ligeledes Intetkjønsord, men nu for det meste Hunkjønsord), ’Sæte’r, i den endnu vel kjendte Betydning af Sted i Udmark eller i Fjeldet, hvor man holder Kvæget om Sommeren. Disse Ord kunne forøvrigt ikke altid let skilles fra hinanden i Navne; de af det sidste kommende ere vistnok for den største Del af gjennemsnitlig senere Oprindelse.
Begge Ord findes i Navne usms., i Ent. og Flt., og sms., i sidste Tilfælde mest som andet Led. I denne Stilling kan setr let skilles fra sætr derved, at det sidste regelmæssigt har bestemt Form (-sætra, -sætret). Som andet Led er setr meget almindeligt i Gårdnavne. Det findes i over 900 Tilfælde, mest udbredt i den nordlige Del af Landet, fra Søndfjord til Nordland. Denne Landsdel har over 70 °/e af de med setr sammensatte Navne; forholdsvis flest af dem findes i Romsdals Amt (henimod 250). På Østlandet ere de forholdsvis hyppigst omkring Mjøsen.
Disse Sammensætninger synes at være temmelig gamle og tør vel for den største Del henføres til Vikingetiden og den nærmest forudgående Tid. De findes ikke på Island, men derimod ikke sjelden i de gamle norske Kolonilande i Vesten. Det kan også mærkes, at Personnavne fra kristelig Tid ikke findes i denne Sammensætning (den eneste mulige Undtagelse er Pålset i V. Toten).
Med Hensyn til Valget af første Led i disse Navne er Forholdet i det store taget det samme som ved Navnene på -ruð. Forskjellen er, at Personnavne her ikke have fuldt så stor Overvægt, medens Ord, der sigte til Stedets Beliggenhed eller Beskaffenhed, Elvenavne, Træ- og Plantenavne forekomme forholdsvis oftere. I Sammensætning med andre Gårdes Navne findes setr ikke. I et Par Tilfælde er første Led et Ord, der synes at have Hensyn til den hedenske Gudsdyrkelse (Frøiset, Veset).
Som sidste Led lyder setr nu oftest -set, tonløst eller svagt betonet (dels med lukt, dels med åben Vokal). I den søndre Del af S. Bergenhus Amt, Indre Sogn og Nordfjord er Udtalen -sete med åben Vokal, i Stjørdalen (undtagen Skatval Sogn) -sete med lukt Vokal, Om Formen med tilføiet Hankjønsartikel (-seten) i en Del af S. Trondhjems Amt se NG Indl s. 13. Når Ordet som første Led har Genitivformen Setrs, er det nu ofte blevet til Sæs-.
|
Norsk stadnamnleksikon 1997Norske Gaardnavne Indl
|
|
norsk
|