Betna, gard, bustadområde. Halsa. Møre og Romsdal. af Betne ca. 1430 [bæt1na] Utolka, kanskje opphavleg elvenamn. Bettna i Södermanland i Sverige blir sett til fornsvensk *betna 'beite' eller eitt ånamn *Betna med samme rot, 'åa ved beitemarka'. Førsteledd: Sisteledd:
|
Etna, elv. Etnedal. Oppland. [ezt1na] [ezt2ne] E. er ei n-avleiing og kan anten setjast til etje vb ‘drive fram, eggje’ eller til eta vb. I første tilfelle vil tydinga bli ‘den som blir driven (fort) fram’ eller ‘den som driv (noko) fram’, i andre tilfellet ‘den som et eller grev’. Namnet har språkleg samband med → Atna.
Litt.: M. Olsen i NG XI s. 64. J. Sverdrup i MM 1910 s. 146. OS Førsteledd: Sisteledd: til etje vb ‘drive fram, eggje’ eller til eta vb.
|
Etnedal, kommune. Etnedal. Oppland. [ezt2t4nda:¤N] Etnedal (kommune), Etnedalen (dalføre). Førsteleddet av elvenamnet → Etna.
Førsteledd: Etna (elvenamn)
|
Jetnamklumpen. Røyrvik. Trøndelag. [jet1namkqompen] Jetnamklumpen [jet1namkqompen] sørsam. Jitneme, grensefjell mellom N-Trl og Nordl i Børgefjell. Tyder ‘snødekt område’. Til dette er laga Jitnemenjaevrie («Jetnamsjavrre») ‘sjøen ved J.’ i Røyrvik komm, N-TrI. KB¤ Førsteledd: Sisteledd:
|