Surna, elv. Surnadal. Møre og Romsdal. [sun91n9a] (i Surnadal) [son91d9a] (i Rindal (NE)) Om øvre del av elva S. blir det enno sagt [suᶇ´ᶇa] i Surnadal og NE har [soᶇ´ᶁa] i Rindal. S. kan komma av norr. Súrn eller Surn. I første tilfellet er det vel da rettast med A. Kjær (NG XI s. 211) å oppfatte elvenamnet som ei avleiing tilnorr. súrr adj ‘sur’ som i målføra kan brukast om rå og blaut jord. Er vokalen opphavleg kort, kan ein med S. Bugge (NG VI s. 93) gisse på ei avleiing til rota i surle vb ‘risle, nynne’. Den siste tolkinga høver best med forholda her. Derimot synest første tolkinga mest høveleg for fleire øyar med Surn- (eller tidlegare Surn-) i førsteleddet, Surnøya i Vikna komm, N-Trl, og i Træna komm. Nordl, Sunnøya i Os komm, Hord. Ein har dessutan spor etter eit tapt elvenamn Surn i fleire gards- og naturnamn.
Litt.: NE s. 253, 335. OS Førsteledd: Sisteledd:
|
Surnadal, kommune. Surnadal. Møre og Romsdal. [su:$B2Ca:¤N] [su:r2nada:l] (norm.) Surnadal (kommune), Surnadalen (dal). Innb. surndaling. I norr. vanleg Surnadalr, opphavleg anten Súrnar- eller Surnardalr. Førsteleddet er elvenamnet → Surna. Førsteledd: Surna (elvenamn)
|