Asker, kommune. Asker. Akershus. [as2ker] Norr. Askar fleirt. → Ask. Prep i, innb. askerbøring. Opphavleg gardsnamn, men også soknenamn alt i mellomalderen. Bygda vart òg kalla Skógeimsherað → Skaugum. Førsteledd:
|
Askerøya, øy og gard. Tvedestrand. Aust-Agder. [as2kerøya] Førsteleddet inneheld trenemnet ask. Formelt tykkjest det vera gen. eint. av norr. *ǫsk f = askr m. Førsteledd: ask (trenamn)
|
Braskereidfoss, tettstad, foss. Våler. Hedmark. [bræsk2risfAss4n] [bras2kereifåss] (nyare om tettstaden) Her er ein høg foss i Glåma. Det rette fossnamnet Braskereidsfossen, er sms. av eit eldre, usms. namn på fossen, jf. nyno. braske vb ‘bråke, buldre’, og → eid, her i tydinga ‘stad der elveferdsla måtte gå over land’. Førsteledd: braske 'bråke' (fossnamn) og eid
|