Dovre, kommune. Dovre. Oppland. [då:v2re] Prep på, innb. dovring, eldre døvre m. Norr. Dofrar fleirt., eigentleg gards-, seinare sokne- og bygdenamn. Garden vart tidleg bytt sund, og gardsnamnet kom bort. I førre hundreåret kom den feilaktige bruken av namnet D. om → Dovrefjell opp. Dette «er i Virkeligheden ikke bedre, end om man vilde sige Fille istedetfor Fillefjeld» (O. Rygh). Dovre har i eldre tid også vore gardsnamn i Biri og finst elles som innsjønamn i Sverige. Det er ikkje sikkert tolka. Alf Torp, I. Lundahl og fleire granskarar har sett det som r-avleiing til ei indoeuropeisk rot *dhubh, jf. nyno. duve vb ‘bøye seg’, og til ei nærskyld rot i adj djup. Tydingsinnhaldet i namnet D. skulle vera ‘dal, kløft’.Litt.: Brevner 1942 s. 83-90. I. Lundahl i Namnstudier till B. Hesselman (1950) s. 81, den same i NoB 1950 s. 41. NG IV I s. 1. JS Førsteledd: Sisteledd: avleidd av ei rot *dhubh, truleeg tyding 'dal, kløft'.
|
Dovrefjell, fjellområde. [då:v2refjel9l9] Eigentleg namn på fjellstrekningen frå Oppdal over til Dovre-bygda øvst i Gudbrandsdalen. No vanleg brukt om heile høgfjellsområdet mellom Hedm, Oppl, MogR og S-Trl. Delar av området er nasj.park. Har namn etter bygda (og i eldre tid garden) → Dovre. Om bruken av usms. «Dovre» for Dovrefjell, sjå same stad. Førsteledd: Dovre (bygdenamn)
|