Hodalen, gard, bygdelag. Tolga. Hedmark. [ho:2da:¤N] Førsteleddet kjem av elvenamnet Hola [ho:´ła] som i NE er sett til hóll m (→ hol). Førsteledd: Hola (elvanamn)
|
Modalen, kommune. Modalen. Hordaland. Moskirkiu sokn 1382 [mo:§da:l4n] Innb. modøling. M. har namn etter garden og kyrkjestaden → Mo .
|
Moskodalen. Nordreisa. Troms - Romsa. Moskodalen dalføre og tlf. i Nordreisa komm, Troms. Omsetjing av det samiske namnet på dalen, Måskovág¡gi (< måsko ‘innestengt, avstengt’ og vág¡gi «dal»). TF¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Odalen. [o:1da:¤N] Odalen [o:1da:¤N] dalføre i Hedm. Prep i, innb. odøling. Norr. Ódalr, sms. av ó, ei vanleg sideform til á f ‘elv’ på Austlandet. Tyder altså ‘elvedalen’, opphavleg berre brukt om Sør-O., som ligg kring Glåma, medan namnet sekundært er ført over på Nord-Odalen, som ligg i eit anna dalføre. Jf. → Ådalen, → Årdal. ¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Sør-Odal. [sø:r2oda:q] Sør-Odal [sø:r2oda:q] komm i Hedm. Innb. (sør)odøling. → Odalen.¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Todalen. Surnadal. Møre og Romsdal. i Tofvadalæ 1422 [to:2da:¤N] [to:hatt4n] Todalen [to:2da:¤N] dalføre og sokn i Surnadal komm, M ogR. «i Tofvadalæ» 1422. Innb. todaling. Elva gjennom T. kjem frå Tovatna, og førsteleddet i båe namna er sikkert eit gammalt elvenamn, truleg norr. *Tóf. Spor etter eit slikt elvenamn (også i linn form) finst fleire stader, t.d. Todøla i Nes komm, Busk, og i Nore og Uvdal komm, Busk. Dessutan er To- førsteledd i fleire gardsnamn.§§§S. Bugge meinte elvenamnet kunne setjast til nyno. dial. tav n «Besvær, Møie» (Aasen) ognorr. tefja vb ‘hindre, hefte’, jf. òg substantivavleiinga tava vb ‘gå sakte’. Ei folkeetymologisk forklaring er å setje førsteleddet i dalførenamna til talordet to (om to (side)dalar som går i hop), slik t.d. om Todalen i Verran. Dei uttaleformene av hovudelva gjennom T. som Hovda nemner, er ukjende i dag. No blir det støtt sagt Storelva (eller Elva). Til T. er laga Tohatten [to:hatt’n] fjell (1440 m), der sisteleddet er hatt m → Hatten. Same opphav som T. har truleg også Todalen i Aure.§§§Litt.: Halse 1943 s. 10-11. Hovda 1966 s. 110. NE s. 271-72. OS¤ Førsteledd: Sisteledd:
|