Hatten, fjell. Steigen. Nordland. Hatten er eit mykje brukt fjellnamn, såleis Hatten (1031 m), det høgste fjellet i Steigen komm, Nordl. Namnet kjem av ei jamføring med hovudplagget hatt (norr. hǫttr m). Ordet finst ofte som sisteledd i sms. fjellnamn, t.d. → Torghatten. Dei fleste fjell på -hatten er runde, isolerte høgder, som lett kunne jamførast med ein hatt. Somtid er det berre sjølve toppen av fjellet som heiter H. Elvenamnet Hatta i Fron, Oppl er vel avleidd til eit fjellnamn *Hatten. Førsteledd:
|
Hattfjelldal, kommune. Hattfjelldal. Nordland. [hatt2fjel9l9da:¤N] Innb. hattfjelldaling. Opphavleg gardsnamn, som har namn etter fjellet → Hatten (1128 m) vest for garden. Førsteledd: Hatten (fjellnamn) + fjell
|
Jutehatten. Lierne. Trøndelag. Grubbdal 1654 [ju:t2hatt4n] Jutehatten [ju:t2hatt’n] grensefjell (riksrøys 182) i Lierne komm, N-Trl. Førsteleddet kan vera svensk dial. gjuta (nyno. gjote f) ‘søkk, renne’, kanskje eit eldre namn på Grubbdalen sønnafor («Grubbdal» 1654) med same tyding. Det kunne òg vera svensk jute m, namn på danske (og nordmann). Jf. → Nursfjellet. KB¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Løysmundhatten. Verdal. Trøndelag. [løys2mun9n9hatt4n] Løysmundhatten Snåsa [løys2mun9n9hatt’n] fjell i Verdal/Snåsa komm, N-Trl. L. er eit «dagstid»-namn, sms. av løyse vb ‘sleppe ut (krøttera)’, mund n, norr. mund n ‘tid’ og hatt m, vanleg grunnord i fjellnamn, → Hatten. L. tyder altså ‘hatten som syner når det er tid til å sleppe ut krøttera’. Namnet er vel gjeve frå gardane kring Lustadvatnet. Fjellnamn av dette slaget er mykje vanlege. JS¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Nehatten. [ne:2hatt4n] Nehatten [ne:2hatt’n] fjell i Rendalen, Hedm. Har namn etter elva → Nea 2, som kjem frå desse fjella. ¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Torghatten. Brønnøy. Nordland. [tårgat¡t4n] Torghatten [tårgat¡t’n] fjell (260 m) i Brønnøy komm, Nordl. Tvers gjennom T. er eit hol (laga av havbølgjer i istida). Det er også ei segn om korleis holet vart til, → Hestmona. T. ligg på øya → Torga og har namn etter denne. Om sisteleddet → Hatten. Ein meir fantasifull etymologi har B. Hesselman gjeve (Studier till. Axel Kock, Lund 1929, s. 512-17). Han vil tolke Torg som opphavleg fjellnamn med tydinga ‘auga’ eller ‘fjellet med auga’, laga til rota *derk- ‘sjå’.¤ Førsteledd: Sisteledd:
|