Gards- og andre bustadnamn

 

Av Jørn Sandnes

 

Bustadnamn er namn på stader der menneske bur eller har budd fast. Ofte blir også namn på setrar, buer o.l. rekna for bustadnamn. Desse blir likevel ikkje tekne med her. Den største og viktigaste gruppa av bustadnamn er gardsnamna knytte til det ein kan kalle «namnegarden». Av di den norske namnegarden i historisk tid ofte har vore kløyvd opp i fleire bruk (bustad- og driftseininga til ein familie), får vi ofte å gjera med fleire bruksnamn på kvar gard. Ei stor gruppe er òg plassnamna, namna på husmannsplassar. Frå dei siste mannsaldrane er ei stor mengd villanamn, ofte litterært laga namn.

     Når gardsnamna kan seiast å vera den mest sentrale gruppa, ikkje berre mellom bustadnamna, men mellom alle norske stadnamn, har det mange grunnar. Frå langt attende i førkristen tid og fram til våre dagar har institusjonen garden vore den økonomiske og sosiale eininga samfunnsutviklinga har vakse fram omkring. Garden har vore kontinuitetsberar. Dermed blir det også stor kontinuitet mellom gardsnamna. Som bustad for menneske, som objekt for kjøp, sal, leige og andre rettstransaksjonar kjem òg garden sterkt inn i all slag skriftlege kjelder, frå eldste tider til i dag, i soger, diplom eller brev, jordebøker, matriklar, skattelister osv. Dei skrivne kjeldene flyt dermed mykje rikare for gardsnamna enn for andre namnegrupper her i landet. Eit unnatak ser det ut til at ein må gjera for bygde- og soknenamna. Men tek ein for seg desse namna, finn ein at svært mange av dei òg i sitt opphav går tilbake på eldre gardsnamn. Det same gjeld for mange bynamn, som ® Bergen, ® Hamar, ® Horten, ® Molde, ® Steinkjer.

     Dei tilhøva som er nemnde her, gjer at granskarane har arbeidt meir med gardsnamna enn med andre namnegrupper. Først og fremst må ein her nemne storverket til Oluf Rygh, «Norske Gaardnavne» (sjå innleiinga), på til saman 20 band, der kring 50 000 gardsnamn frå heile landet blir lagde fram, med opplysningar om uttale, eldre skriftformer og – der det er råd – tolkingar av namna. Dette har vore grunnlaget for all seinare norsk stadnamngransking.

     Etter realinnhaldet i gardsnamna kan vi dele dei inn i to hovudgrupper, naturnamn og kulturnamn. Til den første gruppa høyrer namn som Nes, Øy, Lia, Storås, namn som frå først av har vore knytte til ymse lokalitetar i naturen og seinare er førde over på garden eller bustaden der. Kulturnamn er slike gardsnamn som gjennom sjølve namnet fortel om kulturtilhøve eller menneskeleg verksemd i vidaste meining: Bø eller By (® , by), Midgard, Opphus, Gjerde (® gjerde), Rud (® rud), ® Aker, ® Engan, Slåtta, ® Varpe.

     Ei gruppering etter andre prinsipp er å skilje mellom primære bustadnamn, som Bø, By, Midgard, Opphus her ovanfor og slike som ikkje er primære bustadnamn, som Gjerde, Aker, Engan, Slåtta, og alle naturnamna av typen Nes, Øy, Lia osv.

     Formelt kan vi mellom anna tala om usamansette (Voll, Vik, Nes) og samansette namn (Nordvoll, Sandvik, Stornes, Hovin, Lindset). Eit viktig skilje går mellom namn i ubunden og bunden form: Voll, Nordvoll, mot Vollen, Nordvollen. Viktig er dette skiljet ikkje minst for di det kan fortelja noko om alderen til namna. Ein hovudregel er det at namn i bunden form gjennomgåande er yngre enn dei ubundne. Såleis vil vi sjå at plassnamna og gardsnamna frå dei siste fire-fem hundreåra mest alltid har bunden form, som Storlykkja, Pershagen, medan gardsnamna frå mellomalderen og eldre tid helst har ubunden form. I somme landsdelar gjeld denne regelen tolleg greitt, andre stader, særleg nordafjells, har mange namn fått overgang til bunden form, visstnok i nyare tid. I fleirtalsnamn har bunden form der vorte regelen: Haugan, Bergan, Nesjan (av norr. Haugar, Bergar, Nesjar). Hokjønnsnamn som Øy, Vik har ofte fått bunden form: Øya, Vika. Særleg i Sør-Trøndelag fylke går det ofte enda vidare, slik at namn av alle kjønn får hankjønnsartikkelen hengd på, ikkje berre Kvammen, Hoemmen, men òg – i uttalen – Halseten, Østhusen, Åen osv.

     Utan samanheng med alderen på namna er det tilhøvet at somme gardsnamn har halde på gamle kasusformer, og da slik at dativforma ofte har vorte hovud- eller eineform. Namn som Berge, Hamre, Åkre, Øye går ofte tilbake på norr. dativformer (Bergi, Hamri, Akri, Øyju). I mange strok er det likevel uråd ut frå notidsforma å skilje desse namna frå ubundne fleirtalsnamn. Dativ fleirtal finn vi òg ofte i gardsnamn: Bergum eller Bergom, Åsum - Åsom osv. Når dativformene så ofte har slått igjennom, kjem det nok av at gardsnamna svært ofte vart nytta i dativforma med ein preposisjon framføre, norr. í Dali, undir Bergi, á Móum.

     Kor gammal den norske garden er, kan vi ikkje seie visst. Vi må også hugse at garden som institusjon ikkje har stått fram i fullt ferdig form, men har vakse fram smått om senn til det vi kan kalle den historiske garden. Her vil vi bruke nemninga gard frå den tida av da folk budde heile eller i alle fall stordelen av året, på ein stad og dreiv med gardsdrift der, dvs. dyrka jorda og heldt krøtter. Ein slik gard var i eldste tida truleg ein slag ættebustad. I dei gode jordbruksbygdene går nok gardsskipnaden i denne eldste forma minst eit par tusen år tilbake i tida. Granskarar har meint at klimaforverringa mot slutten av bronsealderen har vore med å tvinge folk til å slå seg ned på gardar, byggje skikkelege hus og vinterfôre krøtter.

     Like gamle som desse eldste gardene kan dei eldste gardsnamna våre vera. Til det eldste laget av gardsnamn høyrer truleg slike usamansette natur- eller kulturnamn som ® Vist, Berg, Vik, Nes, Øy, By. Men også samansette namn som Håberg, ® Devik, ® Værnes osv. kan gå like langt tilbake i tida. Somme av desse kan opphavleg ha hatt usamansett form. Mellom dei aller eldste gardsnamna finst fleire som ikkje utan vidare let seg forklare ut frå kjent nordisk språktilfang. Dette kan komma av at dei inneheld språkstoff som gjekk tapt før dei nordiske språka vart skriftfesta, eller av at namna gjennom tusenåra har vorte så mykje endra at dei ikkje let seg gjennomskode. Av slike uskjønelege gamle namn finst det t.d. mange på Jæren, der vi må rekne med eldgammal jordbruksbusetnad: Hårr, Tjøtta, Erga, ® Sola, ®Tasta osv. Granskarar har vore inne på at slike namn kan innehalde førnordisk, kanskje førgermansk språktilfang. Dette veit vi likevel ikkje større om.

     Lengst har stadnamngranskinga komme i arbeidet med dei større gardsnamnklassene, dei som er laga med grunnord eller sisteledd vi finn i hundre- eller tusenvis av namn. Desse namneflokkane let seg studere systematisk, slik at ein mellom anna kan finne fram til den geografiske utbreiinga for kvar av dei, kva slag førsteledd dei er samansette med og – til ein viss grad – kor gamle dei er. Ut frå språklege og historiske tilhøve kan ein ofte datere namneklassene relativt, i forhold til kvarandre, og i forhold til kjende historiske hendingar. Dette gir da òg grunnlag for ei tilnærma absolutt datering. Til stø for dateringa kan tene slikt som omlydstilhøve, om namneleddet har vore produktivt i historisk tid, om det finst i nybygdene på Vesterhavsøyane, om det finst samansett med heidenske eller kristne personnamn, om gardane med slike namn etter lægje, fornminne, storleik eller anna let seg datere.

     I den alfabetiske delen av boka blir det gjort greie for dei viktigaste namneklassene kvar for seg. Her skal vi gi eit stutt samla oversyn over dei viktigaste gardsnamnklassene og tilhøvet mellom dei.

     Eldst av dei større namneklassene er dei på ® vin ‘naturleg eng’ og ® heim, norr. heimr. Begge desse høyrer stort sett heime i periodane før vikingtida, truleg mest i dei første fem-seks hundreåra av vår tidsrekning. Mange av namna på -vin har frå først av vore knytte til beitemarker og slåttstader under eldre modergardar. Seinare har det så vorte rydda eigne gardar der. Dei fleste heim-namna må vi derimot tru er opphavlege gardsnamn. Ofte kan vel desse namna fortelje om planmessig landnåm eller kolonisasjon. Til saman er det kring 1000 gardsnamn på -vin og om lag like mange på -heim, og storparten av dei fører oss attende mot den eldste busetnaden i dei bygdene der dei finst.

     Gjennomgåande yngre er nok gardsnamna på ® land, som det er særleg mange av

på Sørlandet og Sørvestlandet. Men dei kring 2000 land-namna i Noreg femner over eit langt tidsrom, truleg frå folkevandringstida (ca. 400–600  e. Kr.) til vikingtida (ca. 800–1050). På Sørlandet fortel dei kanskje ofte om bureising og ekspansjon i folkevandringstida. Mange stader ser det ut til at land-gardane er vitnemål om sosial og økonomisk spalting i bondesamfunnet. Fleire slike kan ligge i ein krans kring ein eldre hovudgard og har hyst småbønder som hovdingen stødde seg til.

     Mykje diskusjon har det i Norden vore om namna på ® stad, norr. -staðir, ei namneklasse på kring 2500 gardsnamn her i landet. Dei fleste er samde om at dette i Noreg er primære bustadnamn, ofte med personnamn til førsteledd, og da truleg slik at det er rydningsmannen sjølv vi har minne om i førsteleddet. Etter det tradisjonelle norske synet skulle dei aller fleste stad-namna vera frå vikingtida og vitne om den storstilte indre ekspansjonen som da gjekk føre seg, ikkje minst i dei indre bygdene på Austlandet og i Trøndelag.

     Enda sikrare kan ein vera på denne dateringa for gardsnamna på ® set, norr. setr. Av desse er det kring 900 her i landet. Mest tettsådde er dei nordafjells, frå Sunnfjord og nordover. Som oftast er set-gardane mindre utkantgardar. Såleis kan vi nemne at

matrikkelskylda pr. gard i Trøndelag på 1600-talet ikkje er meir enn halvparten så høg for set-gardane som for stad-gardane.

     Frå vikingtida er truleg òg storslumpen av dei kring 600 namna på ® tveit, sms. og usms., som vi særleg finn i stroket frå Telemark i sør-aust til Hordaland i nord-vest, sameleis den mindre namneflokken på ® torp, norr. þorp (kring 120 namn), som høyrer heime aust og sør i landet. Begge desse klassene kan nok tøye seg lenger attover i tida, torp-namna også framover i kristen tid.

     Enda meir uvisst er det med alderen til dei mange gardsnamna som inneheld ordet ® , by ‘gard’. For di dette ordet har vore levande appellativ i språket så lenge, har bø-klassa komme til å femne svært vidt, frå eldste busetnadstida (Bø, By) til langt inn i mellomalderen (Munkeby, Kyrkjebø). Men her òg ligg kanskje tyngdepunktet i vikingtida, og namneseriar som Øvrebø, Midtbø, Nestbø fortel ofte om tidleg garddeling. Ikkje minst på Vestlandet var det slik kløyving av dei gamle gardane, i fleire «bøar» eller «tun», som gav rom for mykje av folkeauken i denne tida.

     Gjennom dei namneklassene som her er rekna opp: vin, heim, land, stad, set, tveit, torp og by, kjem vi fram til kring 8-9000 gardar rydda seinast i vikingtida. Ut frå tilhøva

i bygder der ein har prøvd å granske heile busetnaden i eldre tid, kan ein rekne med at det til dette talet kjem minst dobbelt så mange gardsnamn av andre typar, først og fremst da naturnamn, som t.d. langs sjøen nord- og vestpå i landet er heilt dominerande, men som ikkje kan daterast språkleg, berre ved historiske metodar. Her kjem òg inn dei 5-600 gardsnamna som inneheld språklege minne om heidensk gudsdyrking eller kultus. Det er namn med grunnord som ® hov, ® horg, ® ve, ® vang, med førsteledd som Heilag-, Gud(s)-, eller med gudenamn som Tor, Odin, Njord, Frøy/Frøya, Ull/Ullen, Balder. Ein må likevel vera merksam på at ikkje alle namn på t.d. horg eller vang har noko med heidensk gudsdyrking å gjera.

     Til saman kan det da ha vore 25-30 000 gardsnamn her i landet mot utgangen av vikingtida. Dette talet vart monaleg auka i dei to-tre følgjande hundreåra. Den viktigste namneklassa frå denne perioden er rud-namna, av gno. ruð, ‘rydning’ (® rud). Denne namneklassa, ofte med personnamn, tilnamn og yrkesnemningar til førsteledd, fortel om ei veldig nyrydding av smågardar, først og fremst på Austlandet, der dei aller fleste rud-namna finst. Til saman har det truleg vore kring 5000 rud-gardar i landet. Og hovudtyngda ligg nok i kristen mellomalder, jamvel om namneklassa har vore produktiv langt inn i nytida (® rud). Nær saman med rud-namna høyrer nokre mindre klasser, gardsnamn på ® rustad (gno. ruðstaðr m) og ® rudland eller ® rudlend(e). Frå kristen mellomalder er nok også ein stor del av namna på ® bøle ‘bustad’, aukland ‘tilleggsjord’ (® Aukland), kot, ® reit, ® holt, og i alle fall nokre av namna på ® bu (gno. búð f), ® gjerde,® sve, ® gard, ® hus. Dei to siste namneklassene fortel igjen for ein stor del om garddeling.

     Slike namneklasser som rud, rustad, aukland, sve, gjerde, eller det førhistoriske vin, er klare ekspansjonsnamn. Dei fortel om nyrydding, om gardar der det før hadde vore beite eller utmark. Gardsnamna frå dei par første hundreåra etter 1350 kan vi derimot kalle kontraksjonsnamn. Dei vitnar om øydetid og tilbakeslag i busetnaden. Slike namn er dei på ® aun (gno. auðn) nordafjells og øy(de)gard, øgar(d) (gno. *øyðigarðr) elles i landet. Som oftast er namn som Aunet, Øygarden minne om nedlagde gardar og bruk frå seinmellomalderen, da kring halvparten av alle gardsbruka i landet vart lagde øyde. Mange gonger er da det gamle gardsnamnet komme bort og eit namn av typen Øygarden, Aunet komme i staden.

     Frå kring 1600 får vi ei veksttid som igjen er særmerkt av ekspansjonsnamn. Desse gardsnamna frå nytida kan vera reine naturnamn i bunden form, som Svartåsen, Djupvika, Berget. Eller det kan vera namn på rud og rønning(en) (gno. ruðningr), eller slike som Brenne, Brenna, Bråten, Svea, Sveet, Gjerdet, Lykkja, Hagen-Håggån, Trøa, i usamansett form, som her, eller i samansett, kulturnamn som atter fortel om vekst i den faste busetnaden. Vitnemål om det same er det når namn på -støl og -seter blir gardsnamn. Det omvendte, overgang frå fast bustad til seter, hadde ofte gått føre seg i seinmellomalderen.

     Med namn på -lykkja, -hagen, -gjerdet, -trøa osv. kjem vi også over i plassnamn-gruppa. Busetnadshistorisk og namnehistorisk fører husmannsplassane og plassnamna vidare den ekspansjonen som tok til med nyrydningane på 1600-t. På 1700- og 1800-t. er voksteren i bustadnamna for det aller meste knytt til plassnamna. Dette er ei lite gjennomgranska namnegruppe. Men frå eit par område der plassnamna er undersøkte, i Gudbrandsdalen og i Meldal i S-Trl, nemner vi at håggån, gjerdet (gjorde, jorde) og lykkja høyrer til dei vanlegaste kulturgrunnord i plassnamn. Vanleg er også stu(gu)/stova, som truleg helst er knytt til plassar med lite eller ingenting av jord. I Gudbrandsdalen er det òg plassnamn på -rud og -hus, mest brukt om eldre plassar. Av andre vanlege grunnord i plassnamn frå ymse strok av landet kan ein nemne trøa, reita/reiten, bråten/bråtån, svea/sveet, brenne/brenna, kåsa, fla`en (særleg Romerike, til flae m ‘flatt stykke dyrkbar jord’) plassen, rom(m)et, og sjølvsagt naturgrunnord som haugen, bakken, lia, moen osv. Karakteristisk for plassnamna er elles at dei mest alltid har bunden form. Som førsteledd dominerer særleg namn eller yrke på plassmannen: Joplassen, Snekkersvea, og namnet på garden plassen hørte til: Solemsøya. Namn som Lykkja, Gjerdet, Hagen fortel om inngjerdte jordstykke som vart til husmannsplassar, namn som Brenna, Svea, Bråten om plassar rydda gjennom svebruk i utmarka.

     Bruksnamna er enda mindre granska enn plassnamna. Men gjennom den gardshistoriske litteraturen kan ein få eit inntrykk av kva namn og nemningar som blir nytta til å skilje dei ulike bruka på ein oppkløyvd gard. Mest vanleg er nok namn på -garden (Austigarden, Vestigarden, Oppgarden, Søgarden osv.) og -stova/stu(gu) (Nordstua, Søstua, Utstuggu, Nystuggu, Bortstuggu). På Vestlandet er -tun mykje brukt (Frammitun, Bortitun), frå Sørlandet kan nemnast -hus (Nerhus, Såghus, Kollshus i Bygland). Vanlege er òg namn som Nord-Gran, Vest-Gran. Gjennom ny oppkløyving kan ein få fleirledda namn som Ner-Austgarden og Øver-Austgarden eller Oppi-Sørgarden og Uti-Sørgarden. Mange stader blir det nytta bruksnamn som Der oppe – Der nede, Austat –Vestat, eller namn som går på folka: Nilsane, Andersane, Danielane (døme frå Vaksdal), Sjursan, Sirian, Bensan (til familienamnet Bentz), Stigeran (til stiger ved gruve), Postan (etter ein postmann). Alle dei siste døma er frå Øvre Gauldalen og Øvre Østerdalen. Ved sida av dei bruksnamnetypane som er nemnde her, finst òg, men i mindre tal, vanlege gardsnamn brukte i denne funksjonen, som Gården, Skjelbreia og Sanden (bruksnamn på Høstad, Byneset). Til slutt skal vi nemne at bruksnamna, på grunn av samanhengen dei vanleg førekjem i, svært ofte har dativform som eine- eller hovudform.

     Grendenamna kan ein sjå som ei eiga gruppe og definere som namn på ein mindre, naturleg avgrensa del av ei bygd. Nokre stader bruker ein grend om ein gammal namnegard som er delt opp og omfattar fleire bruk og bustader. Andre stader kan grenda femne om fleire namnegardar. Men grendenamnet fell i dei aller fleste høve saman med, eller knyter seg til, eit gardsnamn. Nokre gonger kan det vera eit eige namn, som Sørgrenda, Jaren o.l.

 

Litt.: O. Beito 1949. A. Holmsen 1936-4l. P. Gammeltoft 2001, A. Hovdhaugen i Norveg, bd 8, 1961, s. 187-97. NG. M. Olsen 1923a. M. Olsen 1926. NK V. J. Sandnes 1968. J. Sandnes 1971. T. Schmidt 2000, I. Særheim 2000.