Øynamn
Av Oddvar Nes
Flittige forskarar har funne at i
Noreg er det 55 875 øyar og holmar «forutan båar og skjer» (Allkunneboka).
Mesteparten av desse øyane er ubygde; berre ca. 2200 har eller har hatt fast
busetnad.
Storparten
av øy- og holmnamna er samansette. Dei har eit førsteledd (utmerkingsledd),
t.d. Fugl-, Raud-, Stor- og eit sisteledd (grunnord), t.d. ® holm(e), ® skjer, ® øy.
Opphavet
til namna er svært skiftande. Namngivarane har gjerne fest seg ved særdrag ved
øyane: Den relative storleiken blir karakterisert ved Litleøya og Småskjera,
særeige skap gir forklaringa på Brattholmen og Flatøya. Fargen er grunnlaget
for ® Rødøya og Svarteskjeret, medan
jordsmonnet skil ut Sandøya frå Grøtøya. Namn med grunnlag i voksterlivet er
Hatløya og Laukøya; kraftig ver- eller sjødrag har ført til namn som ® Værøy og Straumøya. Like ofte finn vi namn som
skildrar dyreliv på eller ved lokaliteten: Bjørnøya, Hjortholmen, Kobbholmen, ® Seløya, ® Arnøya
(ørn), Fugløya, ® Måsøy, Skarvholmen, Tennholmen.
Utmerkingsleddet
fortel òg om menneskeleg verksemd og utnytting av ymse slag: Hummarholmen,
Teineholmen, Verpholmen (lakseverp) vitnar om gode fiskeplassar; tidlegare
tiders ekstensive landbruk blir vi minte om ved namn som ® Føyno (fe), Hestholmen, Kalvøya, Sauholmen, ® Svinøy, ® Yksnøya.
Dei sjøfarande trong gode ferskvasskjelder, og det må dei ha funne på stader
som ® Brønnøy, ® Kjønnøya
og Vassøya (® Vadsø). Minne om gammal religiøs kult
er ® Godøya, ® Helgøya, ® Nærøy og ® Onsøy; nyare er t.d. ® Kirklandet. Anna menneskeleg verksemd er namnfest i
eksempelvis ® Bygdøy, Eggholmen (eggfangst), Hjellholmen (fiskehjellar), Husøy, ® Måløy (møtestad), Notaholmen. Personnemningar er
det òg mange av: Håkonsholmen, ® Karlsøy, ® Rolvsøy; ® Kjerringøy, Mesterøya, ® Munkholmen, ® Tjuvholmen, Tyskarholmen. Namna er i dette høvet
ofte gitt med bakgrunn i spesielle hendingar.
Lægjet
gir også grunn til namn, t.d. Kråholmen, Nidøya, Nordøyane. Mange øynamn har
eit anna stadnamn som utmerkingsledd: Flakstadøy, ® Gurskøya, ® Hareidlandet, Leknesøya, ® Nerlandsøy. I tillegg kjem tidlegare usms.
øynamn, t.d. ® Borgund, ® Hinnøya, ® Karmøy.
Jamføringsnamna
må òg nemnast. Dei er gitt med bakgrunn i særdraga ved lokalitetane, særleg
likskap i form, og «har sitt opphav i ein førestellingsassosiasjon ved likskap»
(Slyngstad). Flesteparten av jamføringsnamna er usamansette: Bollen, Dyna, Kvalen, Kyrkja og Skipet siktar til
skapet: ® Galten, Hunden, Oksen medar på form eller lægje
(tabunamn? ), medan Hanen, Kråka og Kverna gir uttrykk for ymse slag lyd ved
sjøbrot, og Levra, Kvitingen og Rauden har ein særkjennande farge.
Dei
usms. jamføringsnamna som er nemnde ovanfor, er oftast relativt unge. Vi ser at
dei i mange tilfelle er identiske med appellativ og at dei då jamnast har same
kjønn som appellativet. Alderen til dei sms. øy- og holmnamna som er omtala, er
vanskeleg å fastslå. Stort sett kan vi vel seie at namna er laga frå urnordisk
tid og frametter til 16-1700-talet. Namn som t.d. Bjarkøy, Brønnøy og Bygdøy er
heimla i norr. skrifter og er sikkert minst 1000 år gamle, medan andre namn
dukkar opp i skrift langt seinare – noko som naturlegvis ikkje treng
vitne om lågare alder. Av dei eldste sms. øynamna er slike som har heidne
kultminne i førsteleddet: Godøy (gud), Helgøya (heilag), Nærøy (Njord, norr. Njarðøy), Onsøy (Odin), norr. Njarðarlozg (Njord,
no Tysnesøy). Desse namna er nok frå urnordisk tid. Det same gjeld òg ein del
andre sms. øynamn som t.d. ® Askrova, ® Aralden, ® Batalden
og ® Fjelberg
(gno. Fjozlbyrja).
Men
dei aller eldste norske øynamna er slike som opphavleg og til dels enno er
kjennemerkte ved at dei er usamansette
og avleidde med suffiks. I artikkelen
Fjordnamn er det nemnt at suffiksa i
naturnamna prinsipielt ikkje er avgrensa til visse namnegrupper. Øynamna kan
ordnast etter suffiks i norr. og ein del av dei skal vi stille opp slik (nokre
namn synest å vera nær på identiske med appellativ, og dei er samla i ei gruppe
til slutt):
-a: Aspa (® Aspa), Brúa (® Bru), *Gadda (® Goddo), *Grýta
(® Grytøya), Leka
(® Leka), Lygra (® Luro, Lygra), *Senja (® Senja), *Strjóna (® Strøno), Tautra (® Tautra), Þjótta
(® Kjøtta, ® Tjøtta), Þruma (® Tromøy), *Veiga
(® Vega).
-1(a):
Bymbil
(® Bømlo), Hugl (® Huglo), Smyl (® Smøla), Herðla (® Herdla).
-m(a): Stolm
(® Stolmen), *Dolm(a) (® Dolmøya), *Golma
(® Golma), *Tjúma (® Tjøme).
-n(a):
Bókn
(® Bokn), *Fogn
(® Fogn), Fólgsn (® Fosen), Hinn (® Hinnøya), *Ógn (® Ognøy), Sjozrn (® Sjernarøy),
*Sókn (® Sokn), *Þriðn (® Træna), Halsna
(® Halsnøy), *Losna (® Losna).
-s(a): *Heiz
(® Heissa), Hís
(® Hisarøy, ® Hisøy), *Smozls (no
Bremangerlandet, ® Hornelen), Trums (® Troms), *Brimsa (® Brimse),
*Eiðsa (® Idse), *Gorsa (® Gossa), *Ímsa (® Imsa, øy), *Vágsa (® Voksa).
-d/-ð/-t: Sild (® Silda), Freið (® Frei), *Fruðar
fleirt. (® Froan), *Hengð (® Heng), Hozð (®
Hareidlandet), *Jóð (® Jøa), Storð
(® Stord), Ozmð (® Andøy), Kozrmt (® Karmøy), Rótt
(® Rott).
-dr: *Aldr (® Aldra), *Spildra (® Spildra).
-g og -k:
*Bolg (® Bolga), *Hisk (® Hiskjo).
-ing: *Dilling (® Dilling), Gerðing (® Gjerdinga), *Hvítingr m (® Kvitsøy),
*Þrymlingar fleirt. (® Tromlingene).
-ista: *Gimista (® Gimsøy 2), Rafnista (® Ramstad).
-st(r): *Flóstr
(® Flosta), *Mostr (® Moster, ® Mosterøy), Óst (® Ostøya), Óstr (® Osterøy), Rekstr
(® Reksta, ® Reksteren).
-tr: Hitr (® Hidra, ® Hitra), Sótr
(® Sotra), *Títrar fleirt. (®
Titran).
-und: *Aspund (® Asponn), ® Borgund, Eikund (® Eigerøy),
Jalund (® Jeløya), *Lofund (® Lovund), Sólund(ir)
(® Solund).
Einstaka namn er t.d. Aldi (® A1den), Aumar fleirt. (® Kvitsøy), Fenring (® Askøy), Frøy (® Frøya), *Mold (® Molla), *Njót
(® Nøtterøy), Ó (® Ovågen), Rund (® Runde), Síri
(® Utsira), Skrofar
fleirt. (® Skrova), *Tíar fleirt. (® Inntian, ® Uttian), *Umbar
fleirt. (® Ombo).
Øynamn
identiske med appellativ er t.d. : Aur (® Jomfruland), Dyn (® Dønna),
*Foznn (® Fonno), Gizki
m (® Giske), *Huft (® Hufto), *Hozm ® Hamarøy), Kinn (® Kinn), *Mjozðm (® Mjømna) Ón
(® Ona), *Ósk (® Uskjo), Rozð (® Radøy), Skarpa/Skorpa (® Skorpa), *Súla (® Sula), *Talga
(® Talgje), *Þozmb (® Tomma), Vigr (® Vigra), *Vozrn (® Vanna).
Ein del øynamn i ytre delen av
Oslo-fjorden har i dag endinga -er, ® Færder, ® Svenner, med funksjon som eit suffiks. Opphavleg
er det fleirtallsendinga norr. -ar
som så seinare har spreidd seg ved analogi.
Når
det gjeld grammatisk kjønn, er den store mengda av dei gamle usms. øynamna
opphavlege hokjønnsord. Ytterst få namn har eintydig maskulin form i norr. ; i
materialet ovanfor finn vi berre Aldi, *Hvítingr og Síri (*Barmr og Gizki er sikkert opphavlege
jamføringsnamn og maskuline i samsvar med det som er sagt lenger framme). I
nyare tid har nokre øynamn skift kjønn. Rekstr, Stolm og Storð har i vår tid formelt maskulin form, men denne forma er
gammal f. dat. eint.
Dei
gamle usms. øynamna er titt vande å tolke. Lettast er det å kome fram til
tydinga for øynamn som er formlike med appellativ eller som synest vera
avleidde til kjende ord, fleire eks. Aur, *Barmr, Dyn, *Gerðing, *Gorsa, *Mold, *Njót, *Vikn. Verre er det å lette på sløret
som hyller inn tydinga til namn som Freið, Hís, *Senja, Sótr og *Títrar, men oftast kan det lykkast.
Etter
tydingsinnhaldet som granskarane har funne for dei eldste usms. øynamna, skal
vi gruppere dei grovt i følgjande grupper:
1. Skapet på øya: Øyane har ofte namn
som merkjer dei ut som spesielle høgdeformasjonar: Aldi, Borgund, Bymbil, *Huft, Hugl, *Hyfring, Kinn, *Mostr (® Mosterøy), Stolm, Storð, Þjótta. Elles kan ein innskoren
kyst vera namngivingsgrunn: *Eiðsa, Halsna, *Senja, Smyl, Sólund(ir), Tautra, *Vágsa, * Vikn. Vidare er lengda
på øya opphavet til *Spildr og *Tjúma, medan låglende har ført til Gizki. *Hjól (® Tjul) er rund, *Þriðn
er samnamn for tre øyar og *Fjozrð (® Færder) skal sikte til at øygruppa femner om
fire øyar.
2. Lægje: Øyar som ligg ut mot
storhavet har gjerne fått namn som medar på funksjonen som ‘vern’, ‘kant’ eller
‘den fremste’: Aumar, Brúa, Frøy, *Gerðing, Kozrmt, Rund, Þruma, *Vernd, *Vozrn (® Vanna). Ofte ligg øya så nær ei anna
(større) øy eller fastlandet at ho kan tykkjest å vera fråskoren eller ei
forlenging: Dolm(a), *Flóstr, Herðla, Hís (® Hisøy), *Jóð, *Losna, Rekstr, *Súla.
3. Lende og jordsmonn på øyane er
grunnen til namn som: Aur, Fenring, *Gorsa, *Grýta, *Heiz, Leka, *Mostr (® Moster), Ó, Ost og *Veig(a).
4.
Fargen har vel vore
karakteristisk for *Hvítingr, Lygra.
5. Ver- og straumtilhøve kring øya
har namngivarane merka seg: Dyn, *Fogn, *Fruðar, *Golma, *Imsa, Jalund, *Ógn, Síri
(® Sira), Skrofar, *Sókn, Sótr, *Strjóna, Trums og Ozmð.
6. Flora og fauna finn vi òg mellom
namna: ® Aspa, *Aspund, Eikund, Rafnista (® Ramstad), Sild.
7. Menneskeleg verksemd av ymse slag
har gitt namn til t.d. Fólgsn, *Njót, *Osk, *Talga, og mogleg Sjozrn.
Av dei avleidde namna ovanfor
synest Halsna, *Lofund og Þjótta
å ha sin grunn i jamføring med kroppsdelar.
Mange
av dei opphavleg usms. øynamna har seinare fått eit forklarande grunnord som
tillegg: Hinn > Hinnøya, *Tjald > Tjeldøya (‘stomnform’), *Hozm > Hamarøy, Eikund > Eikundarøy >
Eigerøy (gen.); dette gjeld oftast nord og heilt sør i landet. På
Vestlandet held dei usms. namna seg best. Men felles for dei fleste øynamn som
enno er usms., er at dei i vår tid har bunden artikkel: *Jóð > Jøa, Sótr >
Sotra. I Rog er derimot den
ubundne forma vanlegast: Bokn, Rott, Sokn, Tjul.
Ein
god del av gamle øynamn er i dag borte, t.d. Aumar (® Kvitsøy), Aur, *Hund, Lófót (® Lofoten) og ® Vargfót. Grunnane kan vera fleire; Lófót har gått over til områdenamn og
øya har fått eit nytt namn, ® Vestvågøy. I andre høve kjenner vi ikkje
årsaka til namnedøden, t.d. for Aumar
og Vargfót. Når det gjeld *Hund, så meiner M. Olsen at namnet har kome bort på grunn av tabuskikkar
på sjøen. *Hund hadde same lydskap
som norr. hundr m ‘hund’, og då det
var tabu å nemne dyret hundr på
sjøen, førte det til at øynamnet vart omlaga til Salbjozrn (® Selbjørn)
‘husets bjørn’, dvs. ‘hund’. Tabunamn med bakgrunn i at øyane ligg svært farleg
til for ferdsla, er ® Jomfruland
og ® Landegode
‘Landegod’ eller norr. Landit góða
‘det gode landet’ er kjent som (tidlegare) namn på fleire øyar: Landegode (tidlegare namn er ukjent), Jomfruland og ® Svinøy.
Litt.: Hald i Selskab for nordisk Filologi.
Årsberetning l954-55 s. 4-9, den same i NoB 1971 s. 71-84. Hovda l94l, den same
i KLNM XII sp. 236-37 og i NoB l97l s. 124-48. Indrebø 1929. Lindroth 1921 og
1922. Modéer 1933 og 1936. Olsen 1912, den same i NK V s. 37. Skulerud 1946 s.
20-25. Slyngstad 1951. Westman 1935-39. Zilliacus 1968