Aubøsundet, sund. Finnøy. Rogaland. [au2bøsonne] Namn på eit sund mellom Bjergøy og garden Aubø. Førsteleddet er fleirtydig. Det norr. adj. auðr tyder ‘aud, forlaten’, subst. auðr tyder 'rikdom'. Alternativt kan eit personnamn på Aud- inngå, → Auastad. Sisteledd → bø ‘gard’. Førsteledd:
|
Austbø, gard, bygdelag. Alstahaug. Nordland. [aus2bø] Sisteleddet er → bø ‘gard’. A. tyder ‘austgarden’ og er gardsnamn i fleire bygder. Førsteledd: aust
|
Bossbøen, gard. Vinje. Telemark. [boss2bøn] Sms. av botn n (gen. botns) og → bø ‘gard’. B. ligg under Bos(s)nuten ved enden av ei bukt i Møsvatn. Ordet botn er eit vanleg terrengnemne om inste enden av dal, fjord eller innsjø. Mange innsjønamn på Boss- bør tolkast slik, men førsteleddet kan også vera gen. av båt (båts-) → botn.
|
Brødbøl, grend. Kongsvinger. Hedmark. Brydebøll, Brødebøll 1557 [brø:2bøq] Førsteleddet er kanskje det norr. kvinnenamnet Brigið(a), seinare Brigit, Birgit. Gardsnamnet Brøderud i Brandval, som kanskje har same førsteledd, er ca. 1400 skrive «Brigdharud». Sisteledd → bøle 'bustad, gard'. Førsteledd: Brigið(a, kvinnenamn)?
|
Bø, kommune. Bø. Nordland. [bø:] Innb. bøfjerding. Har namn etter garden og kyrkjestaden Bø. Finst som namn på gardar mange stader, jf. → bø, → Bø. Opphav i gardsnamn har også: Bøfjorden, grein av Halsafjorden, fjord og grend i Surnadal komm, MogR. Bølandet, halvøy og bygdelag i Herøy komm, MogR. Førsteledd:
|
Bø, kommune. Bø. Telemark. [bø:1hæra] (NG) Innb. bøhering. Har namn etter ein gard (kyrkjestad) i bygda. Jf. → bø, Bø. Førsteledd:
|
Bø, kyrkjestad. Hyllestad. Sogn og Fjordane. Førsteledd:
|
Bø. Hå. Rogaland. Tidlegare sokn i Hå komm, Rog. → Nærbø. Har som dei andre → Bø namn etter ein gard i bygda. Jf. → bø. Førsteledd:
|
Bøkfjorden, fjord. Sør-Varanger. Finnmark - Finnmárku. [bø:k¡fjo:$4B] Grein av Varangerfjorden. Gamle skriftformer vantar, og førsteleddet er utolka. Sam. Báhčaveaivuotna, sms. av forkorta form Báhčaveai av Báhčaveadji, sam. namn på Pasvik → Pasvikelva, vuotna ‘fjord’. Førsteledd:
|
Bøla, elv. Steinkjer. Trøndelag. [bø:2qa] Elv med kjent helleristingsfelt. Same namnet er truleg Bølåa i Våler, Hedm. Namna er ikkje sikkert tolka, men dei kunne ha samband med svensk böla vb 'raute; baule, brøle'.Lydhermande ord er vanleg i elvenamn. BS.
Førsteledd: Sisteledd: jf. böla 'raute'
|
Bøle, tett busetnad. Skien. Telemark. [bø:2qe] Til norr. bœli n ‘bustad’ → bøle. Førsteledd: Sisteledd: norr. bœli n ‘bøle, bustad’
|
Bøler, bydel. Oslo. Oslo. [bø:2qer] Prep på. Eigentleg gardsnamn. Fleirt. av → bøle 'bustad'. Førsteledd:
|
Bølingshavn, tettgrend. Hvaler. Østfold. [bø2qiMshamn] Førsteleddet er norr. byrðingr m ‘handelsskip, lastebåt’. Her må ha vore hamn for slike båtar. Førsteledd: norr. byrðingr ‘handelsskip, lastebåt’
|
Bøllhovd, fjell. Hol. Buskerud. [bøll2høvd] Fjell (1272 m). Førsteleddet er nyno. ball/boll m ‘rundvoren klump, kule’. Sisteledd → hovde ‘bergpynt’, avleidd av hovud. Førsteledd: ball
|
Bømlo, kommune. Bømlo. Hordaland. [bøm1lo] Øy og kommune. Innb. bømling. Norr. Bymbil. Det er truleg at B. frå først har vore ei høgdenemning. Namnet kan setjast til andre ord med ei grunntyding ‘tjukk, oppsvollen’ → Bamble. Førsteledd: Sisteledd:
|
Bøn, tettgrend. Eidsvoll. Akershus. [bø:n] Norr. Bœn, sms. med → vin ‘naturleg eng’. Førsteleddet usikkert, kanskje norr. bœr m ‘gard’ → bø. Førsteledd: bø?
|
Børa, fjell. [by:2ra] Fjellnamn, m.a. i Flora komm, SogFj, der ein ein finn både Haukåbøra og Risebøra. Namnet finst fleire stader i landet. Av norr. byrða f = nyno. byrde, bøle eller børe f ‘stor kiste eller kasse’. Førsteledd: Sisteledd: gno byrða 'byrde; stor kiste eller kasse’.
|
Børgefjell, fjellområde, nasjonalpark. Børefield 1686 Pbyrgi wara 1602 Børrefield 1730 Børjefield 1742 Børgefieldet 1742 [bør2gefjell] (norm.) Sam. Byrkije, fjellområde og nasjonalpark ved grensa mellom N-Trl og Nordl. «Pbyrgi wara» 1602 (forfinska sam.), «Børefield» 1686 (samisk skatteland). Truleg same namn som (Store og Litle) Børja i Velfjord komm (→Storbørja) av norr. byrgi n ‘inngjerding’ (trong plass). På svensk side heiter fjellområdet Burgfjället el. Borgafjället, i 1649 «Borchfellet», dvs. sam. Buarka (kjent frå 1730), som kan gå tilbake på *Borgo, til norr. borg f, truleg i tydinga ‘høgd, bakke’. Frå førhistorisk tid har samane i dette området sikkert hatt å gjera med handlarar og skattekrevjarar både i vest, sør og aust. KB
Førsteledd: norr. byrgi ‘inngjerding’ eller borg 'høgd'
|
Børgin, fjord. [bør2gin] Før Borgen(fjorden), innestengd fjordbotn mellom Inderøy og Steinkjer komm, N-Trl. Norr. truleg *Byrgi, som P. Hovda (MM 1975 s. 57-59) stiller saman med norr. byrgja vb ‘tillukke, indelukke’ og tolkar som ‘den stengde, innelukka’. Tolkinga høver godt med dei naturlege tilhøva. Førsteledd: Sisteledd: jf. norr. byrgja 'stenge inne'
|
Børilden, øy, gard. Austrheim. Hordaland. af Bærold ca. 1360 [bø:r¡idl4n] Truleg norr. Berǫld f. Hører språkleg saman med nyno. børel m ‘hanke, handtak’, og B. kan ha fått hankjønnsform under innverknad frå dette ordet. Namnet siktar kanskje til forma på øya, jf. øynamnet → Hankø. E. Vågslid (1958 s. 85) trur derimot B. er «ei avleiing til bera om ein stad der folk ber eller må bera». Førsteledd: Sisteledd: børel 'handtak'
|
Børka, elv. Sør-Fron. Oppland. [bør2ka] Truleg ei avleiing til norr. bǫrkr m ‘bork (på tre)’. Førsteledd: Sisteledd: avleidd av bork
|
Børkjeflåta, gard. Nore og Uvdal. Buskerud. [bør2Kefqå:tå] Sms. av norr. birki n ‘bjørkeskog’ → bjørk og norr. flati m ‘flate’. Førsteledd: birki 'bjørkeskog'
|
Børrfjorden, fjord. Hasvik. Finnmark - Finnmárku. [børr¡fjor] (NG) Førsteleddet inneheld fjellnamnet Børra, som finst mange stader i Nord-Norge, normalt uttala med einstavings tonelag. Det talar for eit anna opphav enn → Børa. F. Myrvang reknar med at namnet går tilbake på sam. borri, i sam. målføre nytta om ulike, oftast langstrakte fjellformasjoner.
Litt.: F. Myrvang i Håløygminne 2007 s. 193 f. Førsteledd: Børra (fjellnamn)
|
Børsa, tettstad. Skaun. Trøndelag. i Birgsa 1343 [bø¤2Sa] Prep i, innb. børsværing. Norr. nom. Birgsi m. Truleg ei avleiing på -si til ordet berg, frå først helst brukt som fjordnamn. Her er bratte berg mot fjorden. Førsteledd: Sisteledd: avleidd av berg
|
Børselv, elv, grend. Porsángu - Porsanger - Porsanki. Finnmark - Finnmárku. Børs Elf 1725 [bø:¤S¡ælv] Sam. Bissojohka, sms. av bissu ‘børse’ og johka ‘elv’, finsk (talespråket her er dels samisk, dels finsk) Pyssyjoki (same tyding). Finsk innflytting skjedde etter 1725. Både det norske og finske namnet er truleg omsett frå samisk. TF
Førsteledd: Sisteledd: oversatt sam. bissu ‘børse’ og johka ‘elv’
|
Børset. Førsteledd: Sisteledd:
|
Børten, innsjø. [bø¤2Ten] Innsjø på grensa mellom Nome komm og Skien. Ein annan innsjø i Skien heiter Store Børten. Av norr. adj bjartr 'bjart, klår, skinande', jf. → Børtegrend.
Litt.: Dalene 1953 s. 59. Førsteledd: Sisteledd: bjart 'klår, skinande'
|
Børtnes, gard. Nes. Buskerud. [bø¤T2nes] Namnet finst fleire stader, bl.a. i Årdal, Leikanger og Luster, SogFj. Førsteleddet er norr. birki n ‘bjørkeskog’.
|
Børtveit, gard. Osterøy. Hordaland. [bør¡tveit] Førsteleddet er utolka, sisteledd → tveit. Førsteledd:
|
Børvasstindan, fjellområde. Bodø. Nordland. [børr2vasstin9n9an] To rekker spisse fjelltoppar. Den vestlege rekka heiter Falkflogtindan og den austlege Åseltindan. Sisteleddet er tind m ‘spiss fjelltopp’. Førsteleddet kan anten vera opphavleg elvenamn *Byrða, no Børelva, eller eit fjellnamn på ein av Børvasstindan. I Nordl. er → Børa eit mykje brukt fjellnamn. (NG XVI s. 211-12.) Førsteledd: Byrða (elvenamn eller fjellnamn)
|
Børve, gard. Ullensvang. Hordaland. [bør2ve] Gardar, Øvre og Nedre B. Kjem av norr. Bjǫrgvin → Bergen 'eng ved/mellom berg' Sisteledd: vin 'naturleg eng'
|
Bøstad, gard. Vestvågøy. Nordland. [bø:2sta] Eineståande namn, truleg ikkje sms. med norr. staðir fleirt. (→ stad), men heller ei sms. av norr. bœr m ‘gard’ (→ bø) og staðr m ‘stad, plass’. Førsteledd: bø 'gard' Sisteledd: staðr 'plass'
|
Bøverbru, tettstad. Vestre Toten. Oppland. [bø:1verbru:] Førsteleddet er elvenamnet → Bøvra. Førsteledd: Bøvra (elvenamn)
|
Bøverdalen, dal, kyrkjestad. Lom. Oppland. [bøvø¤Da:¤N1] Norr. Bifrardalr. Har namn etter hovudelva i dalen, → Bøvra 'beverelva' Førsteledd: Bøvra (elvenamn)
|
Bøverfjorden, grend. Surnadal. Møre og Romsdal. af Bifrafyrde ca. 1430 [bø:1fjo:$B] Blir også skrive Bæverfjord. Førsteleddet inneheld eit elvenamn *Bifr eller kanskje eit fjordnamn *Bifri, laga til elvenamnet. Elva heiter no → Bøvra. Førsteledd:
|
Bøvertun, bruk, turisthytte. Lom. Oppland. [bøvø¤Ton¡] Gammal seter og turiststasjon øvst i Bøverdalen. Førsteleddet → Bøvra. Sisteleddet er truleg norr. tó f, nyno. to f ‘grasflekk mellom stein og kjerr i eller under ei fjellside’. Det burde i så fall skrivast -ton.
Litt.: Ekre 1960 s. 140-41. Førsteledd: Bøvra (elvenamn, 'beverelva') Sisteledd: to 'grasflekk'
|
Bøvra, elv. Elvenamn fleire stader, såleis NE [bøv`ra] i Ringsaker (Hedm) og Vestre Toten (Oppl), [bø:v`ra] i Melhus (S-Trl), [bø:v´re] i Lom (Oppl) og [bø:´ve] i Sør-Aurdal (Oppl). Namnet finst òg i Surnadal (MogR), i Lesja (→ Bjorli) og Skjåk (Oppl). Elvenamnet B. er utvikla av *Bifr (→ Bøverdalen og → Bøverfjord), som etter S. Bugge (NE s. 27) kan forklarast av ei eldre form av norr. bjórr m ‘bjor, bever’. Namnet tyder da ‘beverelva’, helst fordi beveren har hatt tilhald der.
Litt.: Ekre 1960 s. 92-94 (med fleire tilvisingar). Førsteledd: Sisteledd: av gno *Bifr 'beverelva'
|
Bøyabreen, brearm. Sogndal. Sogn og Fjordane. [båi2abre:4n] [båi2adne] Førsteleddet inneheld gardsnamnet Bøyum etter NG utt. [båi`adne], som er fleirt. av norr. bœr m ‘gard’ → bø. Førsteledd: Bøyum (gårdsnamn)
|
Bøylefoss, bygdelag. Froland. Aust-Agder. [bøy2lefåss] Har namn etter eit 62 m høgt vassfall i Nidelva. Opphavleg har fossen hatt eit usms. namn, dette er førsteledd i gardsnamnet → Bøylestad. Fossen kan ha heitt *Bøylir ‘brølaren’, til nyno. bøyle vb ‘baule, brøle’. Da fossen går i ein sterk bøyg, og gardsnamnet har vore skrive med -g- («Bøglestad» 1553 og seinare), er det òg mogleg å setje opp ei grunnform *Bygill ‘den bøygde’. Eller kanskje *Byglar fleirt., da fossen opphavleg har hatt fleire fall.
Litt.: P. Hovda i MM 1945 s. 101. Førsteledd: Sisteledd: norr. Bøylir 'den som brølar' eller *Bygill 'den bøygde'
|
Bøylestad, gard. Froland. Aust-Agder. [bøy2lesta] → Bøylefoss. Sisteledd → stad. Førsteledd: norr. elvenamn Bøylir 'brølaren' eller *Bygill 'den bøygde'
|
Eggesbø, bygdelag. Herøy. Møre og Romsdal. Eigissbøenn 1616 [æjjesbø§n9n9] (NG) Prep i. Førsteleddet kan vera mannsnamnet Egil. Sisteleddet er → bø. Førsteledd: Egil (mannsnamn)?
|
Fiskebøl, bygdelag. Hadsel. Nordland. Fiskaa [fes2kebøll] Sisteleddet er norr. → bœli n ‘tilhaldsstad, bustad’. Førsteleddet kan anten vera ei laging til fisk- ‘fisk’, eller det kan vera eit tapt elvenamn, nemnt som gardsnamn «Fiskaa» ca. 1430 (jf. NG XVI s. 360). Førsteledd: fisk eller Fiskå (elvenamn) Sisteledd: norr. bœli ‘tilhaldsstad, bustad’.
|
Hjuksebø, stasjon. Sauherad. Telemark. i Hiuxwbø ca. 1400 [juk2sebø] Førsteleddet er det same som gardsnamnet Hjukse, «i Hiuxw» ca. 1400, truleg av eit eldre elvenamn *Hjuksa. Dette er ikkje sikkert tolka. S. Bugge meiner det kan vera ei avleiing til norr. hǫgg n, jf. dial. i Tel «Fosshogg n, en mindre Fos» (Aasen). Jf. → Hogganvik. Hjukseåa renn gjennom tronge juv og har fleire små fossar. Sisteledd → bø. Førsteledd: Hjukse (gardsnamn)
|
Hobøl, kommune. Hobøl. Østfold. [høb1beq] [høb1bøq] [hob1bøl] (norm) Innb. hobøling. Norr. Hóbœli, opphavleg namn på prestegarden. Sms. av norr. hór adj ‘høg’ og → bøle. Om eit eldre bygdenamn Morsardalr → Moss. Førsteledd: norr. hór adj ‘høg’
|
Hordabø, kyrkjestad. Radøy. Hordaland. [hår¡dabø:] H. er eit nylaga namn frå 1924 etter mønster av namnet → Hordaland. Før heitte sokna Bø (→ bø) etter kyrkjestaden. Førsteledd:
|
Husebø. Meland. Hordaland. [hu:§sebø:] Husebø [hu:§sebø:] gard og po. i Meland komm, Hord. Prep på. Husebø, Husabø, norr. Húsabær, er den vestnorske forma for austnorsk → Hus(e)by. Namnet finst fleire stader på Vestlandet.¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Kyrkjebø. Høyanger. Sogn og Fjordane. Kirckebø 1560-åra [Kyr2Kebø:d4n] [Kyr2Kebø:] Kyrkjebø [Kyr2Kebø:d’n] norm. [Kyr2Kebø:] gard, sokn (herad til 1965), og bygdesentrum i Høyanger komm, SogFj. Prep på. Førsteleddet viser til kyrkja som har stått på garden, iallfall frå 1560-åra da «Kirckebø» er nemnt. Tidlegare stod kyrkja på Austrheim. Sisteledd → bø og by. ¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Litlabø. Stord. Hordaland. [lit2labø:] Litlabø [lit2labø:] gard og po. i Stord komm, Hord. Prep på. Norr. *Litlibœr ‘den litle garden’. → bø og by.¤ Førsteledd:
|
Litlbørja. Brønnøy. Nordland. Litlbørja, Brønnøy komm, Nordl → Storbørja.¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Nærbø. Hå. Rogaland. [næ:r2bø:] Nærbø [næ:r2bø:] sokn (herad til 1964) og stasjonsby i Hå komm, Rog. Innb. nærbøbu. Namnet vart laga i 1830-åra da kyrkjene på Bø og → Njærheim (da skrive Nær-) vart rivne og dei to soknene slått saman til ei. ¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Rossabø. Haugesund. Rogaland. [rås2sabø:] Rossabø [rås2sabø:] pr.gj. (gardsnamn) i Haugesund komm, Rog. Sms. av norr. (h)ross m ‘hest’ og bœr m ‘gard’ → bø, by. ¤ Førsteledd:
|
Storbørja. Brønnøy. Nordland. Storbørge 1610 [sto:r2børjå] [sto:r2børja] Storbørja§§§1. [sto:r2børjå] fjordarm, gard, skipsst. og po. i Velfjord komm, Nordl. Prep i. «Storbørge» 1610. Parallelt med S. går ein annan arm frå Velfjorden, Litlbørja. *Børja er her truleg opphavleg namn på ei av elvane som fell ut i S., seinare ført over på den smale fjorden og til slutt også på grannefjorden Litlbørja. Dette kan forklare den uvanlege hokjønnsforma på eit fjordnamn. Elvenamnet *Børja er vel laga til norr. borg f, kanskje i tydinga ‘terrasse’. Det er da det same som eller nærskyld med → Borga, som finst andre stader.§§§2. [sto:r2børja] innsjø i Kongsvinger komm, Hedm. I same vassdraget er sjøane Svartbørja og Slabørja. Alle desse må ha namn etter elva, no Børjåa, eldre truleg berre *Børja, som må vera same namnet som nr. 1.¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Storbørja. Kongsvinger. Hedmark. [sto:r2børja] 2. [sto:r2børja] innsjø i Kongsvinger komm, Hedm. I same vassdraget er sjøane Svartbørja og Slabørja. Alle desse må ha namn etter elva, no Børjåa, eldre truleg berre *Børja, som må vera same namnet som nr. 1.¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Storebø. Austevoll. Hordaland. Bøø ca. 1520 [sto:¡rebø:] Storebø [sto:¡rebø:] gard, skipsst., po. og tlf. i Austevoll komm, Hord. «Bøø» ca. 1520, norr. *Bœr. Tyder ‘den store garden’ → bø, by. Nabogardane Bjånes og Bjelland er kanskje sms. med gen. Bjár- av Bø.¤ Førsteledd:
|
Sæbø. Radøy. Hordaland. i Sæbæ 1329 [sæ:¡be] [sæb1be] Sæbø §§§1. [sæ:¡be] gard, kyrkjestad og sokn (herad 1924-64) i Radøy komm, Hord. Innb. sæbøing. «i Sæbæ» 1329. Norr. nom. Sæbær. Til S. er laga Sæbøvågen po. og tlf. §§§2. [sæb1be] gard, ferjeleie, po. og tlf. i Ørsta komm, MogR. Prep på. «af Sæfwarby» ca. 1430. Norr. nom. Sævarbýr. S. tyder ‘garden ved sjøen’ og er sms. av norr. sær m ‘sjø’ (ved S. 2 i gen.) og bær, býr m ‘gard’ (→ bø, by). S. er eit nokså vanleg gardsnamn i stroket Ryfylke - Romsdalen, m.a. som kyrkjestad i Hjelmeland («Sæbiar k.» ca. 1280) og skipreide («Sæbiar skipreida» 1451) i indre Ryfylke (etter S. på øya Fogn, no Finnøy komm).¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Sæbø. af Sæfwarby ca. 1430 [sæb1be] 2. [sæb1be] gard, ferjeleie, po. og tlf. i Ørsta komm, MogR. Prep på. «af Sæfwarby» ca. 1430. Norr. nom. Sævarbýr. S. tyder ‘garden ved sjøen’ og er sms. av norr. sær m ‘sjø’ (ved S. 2 i gen.) og bær, býr m ‘gard’ (→ bø, by). S. er eit nokså vanleg gardsnamn i stroket Ryfylke - Romsdalen, m.a. som kyrkjestad i Hjelmeland («Sæbiar k.» ca. 1280) og skipreide («Sæbiar skipreida» 1451) i indre Ryfylke (etter S. på øya Fogn, no Finnøy komm).¤ Førsteledd:
|
Sæbøvik. Kvinnherad. Hordaland. [se:2bøvi:k] Sæbøvik [se:2bøvi:k] tettgrend, po. og tlf. i Kvinnherad komm, Hord. Sms. av gardsnamnet → Sæbø og vik f.¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Sørbø. Rennesøy. Rogaland. i Saurbæ 1328 [sørr2bø] Sørbø NG [sørr2bø] gard, sokn, po. og tlf. i Rennesøy komm, Rog. «i Saurbæ» 1328, norr. nom. Saurbœr. Førsteleddet ernorr. saurr m ‘saur, dy, søyle’. Sisteledd → bø.¤ Førsteledd:
|
Tobøl. Eidskog. Hedmark. Tobøle ca. 1400 [tobbeq] Tobøl NG [tobbeq] gard og po. i Eidskog komm, Hedm. Namnet finst òg i Enebakk komm, Akersh, der skrive «Tobøle» ca. 1400. Førsteleddet ikkje sikkert tolka. O. Rygh meiner førsteleddet kunne vera norr. tó f ‘hylle i fjellside’, jf. nyno. dial. to f ‘grøn grasflekk mellom berg eller kratt’, men kanskje heller eit personnamn Tófi/Tófa. Sisteledd → bøle.¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Vaddebø. Vaddebø → Valle.¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Valebø. Skien. Telemark. i Vadlabø ca. 1400 [va:2lebø] Valebø [va:2lebø] grend, jb.st., po. og tlf. i Skien komm, Tel. Prep på. «i Vadlabø» ca. 1400. Sms. med gen. fleirt. av norr. vaðill m → val og bær m (→ by, bø) i tydinga ‘grend, bygd’. Her er ein gard Vale (<norr. fleirt. Vaðlar).¤ Førsteledd: Sisteledd:
|
Øvrebø. Vennesla. Vest-Agder. [ø:r2ebø] [øv2rebø:] Øvrebø [ø:r2ebø] norm. [øv2rebø:] gard, sokn (herad til 1964), po. og tlf. i Vennesla komm, V-Agd. Prep på. Norr. Øfribœr ‘den øvre garden’ → bø. ¤ Førsteledd:
|
Øyslebø. Marnardal. Vest-Agder. a Eyslobø 1405 [øy2slebø:] Øyslebø [øy2slebø:] gard, sokn (herad til 1964), po. og tlf. i Marnardal komm, V-Agd. Prep i. «a Eyslobø» 1405. Førsteleddet kan vera norr. øyðsla f ‘øyding’, siktande til øydeleggingar som Mandalselva har valda (NG IX s. 107). Sisteledd → bø. OBS¤ Førsteledd:
|
Åraksbø. Bygland. Aust-Agder. [å:2raksbø:] Åraksbø [å:2raksbø:] grend, po. og tlf. i Bygland komm, A-Agd. Synest sms. av norr. ár, gen. eint. av → å ‘elv’ og rák n ‘krøttersti, beite- plass’ og → bø (NG VIII s. 210). OBS¤ Førsteledd:
|